Barnebokforfattar Vegard Markhus og produsent Bjørnar Sangolt er barndomskompisar, tidlegare naboar – og speler saman i bandet Naboen min. No kjem dei med si første barneplate; «Rockesock».
mm

– Plata er ei samling nyskrivne barnesongar, og har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le, fortel Vegard Markhus i ei pressemelding.

Før eg skriv vidare må eg berre fortelje om eit perfekt samantreff: Same dagen som pressemeldinga dukkar opp i innboksen min, så får eg høyre frå dottera mi at dei har lært ein ny og fin song på skulen: «Mala himlen blå».

Eg blir nysgjerrig, og finn ut at jammen er det ikkje platedebutantane i Naboen min som står bak låta.

Naboen min turnerer på fleire skular. Foto: Øyvind Zahl

Romvesensk

Musikken på albumet spenner frå rock til viser, og ein kan óg finne inspirasjon frå både reggae og country. I tekstane finn ein humor og alvor.

– Ein får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Og om ein vil læra seg nokre gloser på romvesensk, er ein komen riktig stad, humrar Markhus og viser til songen «Gyli Gyli Gong Gong».

Gamle naboar

Vegard Markhus og produsent og multiinstrumentalist Bjørnar Sangolt har heilt sidan dei vaks opp som naboar, samarbeidd om ulike musikalske prosjekt. I femårsalderen begynte dei å arrangera eigne sirkusforestillingar i kjellarstova i Norheimsund. Dette utvikla seg seinare til bandet Sirkus Bjøver, som mellom anna står bak julesongen «Eselet sin julesong». Dei seinare åra har fokuset vore på barnemusikk.

– Korleis er det å gi ut si første barneplate?

– Det er både kjekt og skummelt. Responsen me har fått når songane har vorte presentert for ungar, har gjort oss sikre på at det er ein god idé, seier Vegard Markhus til Pirion.

– Det er kjekt å merke at songar begynner å leve sitt eige liv i hus, skular og barnehagar, seier Vegard Markhus. Foto: Øyvind Zahl

Turné

I vår var Naboen min på DKS-turné til alle barneskulane i Kvam, Samnanger, Vaksdal, Modalen og på Osterøy.

– Det var ein større suksess enn me hadde håpa på, så me siktar på nye skuleturnear! Dette skuleåret turnerer eg mykje som forfattar, men eg tek alltid med gitaren og snik inn litt musikk på forfattarturnéane, fortel Vegard Markhus.

Dei spela for første til fjerde trinn, og fekk svært god respons på musikken.

– Eit par av songane hadde me sendt i forkant, og det var både latter, allsong og dans.

Rockesocken er med på turné. Foto: Øyvind Zahl

Spreier seg

– No som songane er tilgjengelege for alle, er det kjekt å merke at nokre av songane begynner å spreie seg til skular me ikkje har besøkt også. Det var også kjekt når alle elevane på den eine skulen ba om å få synge ein ekstra song etter konserten. Dei reiste seg og song ein julesong me har laga. Det var absolutt ikkje jul, men det gjorde berre dette høydepunktet enno høgare.

Lang erfaring

Markhus og Sangolt har med seg eit knippe erfarne musikarar som til dømes Geir Dahle og Thomas Gallatin, mellom anna med erfaring frå banda til Odd Nordstoga og Morten Abel. Prikken over i-en er likevel eit stjernelag av sprudlande ungar, som friskar opp songane med barnleg energi.

Utanom Naboen min, har Bjørnar i ei årrekkje vore aktiv som gitarist og produsent. Han har mellom anna spelt med Trygve Skaug, og i bandet StMorritz. Vegard arbeider som lærar, illustratør og forfattar, og har gjeve ut fleire biletbøker for born. For «Timothy mister seg sjølv», som kom i 2010, fekk han Nynorsk Barnelitteraturpris. Med bøker og gitar, har han vore på fleire turnéar på barneskular rundt omkring i landet.

Låtar å sjekke ut:

Rockesock – frisk 60-tallsrock om å ikkje sitje stille –barnekor på slutten

Male himlen blå – populær song om å trøste andre – barnesolist og barnekor mot slutten

Skru musikken opp – rockelåt om å ikkje alltid gjere som dei voksne seier

Seks år – morsom song om å prøve noko nytt

Gyli gyli gong gong – morsom song med deler av teksten på romvesensk – barnekor

 

Oppdatert: torsdag 18. oktober 2018 12.21

Lik Framtida.no på Facebook: