Bildeboka Træið (Treet) av den færøyske forfattaren Bárður Oskarsson vann Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2018.
mm

Prisen vart overrekt av den svenske forfattaren og illustratøren Gunilla Bergström under Nordisk råd si prisutdeling i Operaen i Oslo.

Bárður Oskarsson fekk prisen for ei forteljing som tør å ta si tid, i ein røyndom der vi konstant vert bombardert med inntrykk, og det var Oskarssons forleggar Niels Jákup Thomsen som mottok prisen i Oslo.

Grunngjevinga til juryen

«I ei tid då alt ser ut til å skulla opp i tempo, har vi valt å beløna ei forteljing som tør å ta si tid. I ein røyndom der vi konstant vert bombardert med inntrykk, har vi valt eit verk som brukar få ord og enkle bilete til å presentera ein både morosam og dypsindig forteljing. Verket utmerkar seg både ved eit høgt kunstnerisk nivå og ved ei stor tillit til evna til lesaren til å undrast og tenkja sjølv. Passiaren til to vener etterlèt spørsmålet om det går an å vera tilfreds med andre sine røynsler, eller om ein kanskje er nøydd til å risikera noko for å få stilt forvitenskapen sin på det som er bortanfor horisonten. Med små detaljar og nyansar greier Bárður Oskarsson med sin bildebok Træið å skapa ein sjeldan fornøyelwg leseoppleving for både store og små, og for dette får han årets pris.

Les meldinga av boka på Barnebokkritikk.no!

Oppdatert: onsdag 31. oktober 2018 08.16

Lik Framtida.no på Facebook:

Kommentarar