Falturiltu opna laurdag. Aldri før har programmet vore større.
mm

Med 89 arrangement er Falturiltu ein av dei store litteraturfestivalane i landet. Den nynorske barnebokfestivalen har noko å by på for dei fleste. Mange av arrangementa føregår på skular, i skuletida, men er likevel opne. Her er nokre tilrådingar om kva du bør få med deg i helga, og på ettermiddags- og kveldstid i vekedagane:

Hege Myklebust delte ut kake i Stord kulturhus for å feira opninga av Falturiltu.

For barn 2-7 år:

Laurdag: Bok og bolle med Vegard Markhus på biblioteka i Stord og Fitjar, der han les frå den morosame boka Timothy som mister seg sjølv. Og få også med dykk Anette Angeltveit Thoresen og Andreas Skiri Gregersen som dramatiserer dei herlege Jakob og Neikob-historiane til festivalforfattar Kari Stai.

For barn 6-9 år:

Tysdag: Blodrik og Blodfabrikken – ei framsyning om venskap, hjarte som må fiksast og kruttsterk ketsjup. Studentar ved Høgskulen på Vestlandet har laga fargerik og fantasirik teater basert på Kari Stai si bok med same tittel.

For barn og unge 8-12 år:

Torsdag: Teikneverkstad med den kjende og prisvinnande illustratøren Gry Moursund på Kulturhuset.

For ungdom 12-18 år:

Teikneverkstad med Øystein Runde på Kulturhuset. Runde står bak den blodige teikneserieboka Soga om Olav Sleggja, og er òg kjent for ei bok om Stamceller.

For heile familien:

Sundag: Stallturiltu: Det er gjeve ut mange fine nynorske hestebøker, og Mette Solemdal kjem til å plukka ut og lesa frå sine favorittar. Her vil det bli mogleg å få seg ein liten ridetur, prøva ut hesteskokasting og få seg ein ny firbeint ven.

Få òg med dykk opningsfesten der bandet Building Instrument tar med seg animasjonskunstnar Simone Hooymans, koristane i Aspane og musikklina sitt vokalensemble i eit unikt samarbeid.

Kari Stai er aktuell med boka «Jakob og Neikob og Alle Andre». Foto: Benedikte Skarvik, Samlaget

Tysdag: Falturilthurra! Festivalforfattar Kari Stai les frå den siste, og kanskje beste boka si, Jakob, Neikob og Alle Andre – og det blir kake og saft på alle i høve 150-årsjubileet til Samlaget.

For vaksne:

Måndag: Klassikartimen på Sykkel & Kaffi der Marit Kaldhol og Wenche Øyen fortel om boka Farvel, Rune som er den norske biletboka som har fått mest internasjonal merksemd. Bokbarquiz etterpå med Arnfinn Kolerud og Anna Folkestad. På Sykkel & Kaffi er det bokbar fram til og med torsdag.

Onsdag: Få med deg bandet Himmelhamn og ord til ettertanke frå forfattar Alf Kjetil Walgermo i Stord kyrkje! Walgermo er til vanleg kulturredaktør i Vårt Land, men har òg gjeve ut fleire kritikarrosa bøker unge og vaksne.

Torsdag: Krim, kjærleik og slikt – Hege Myklebust bokbadar Marit Eikemo og Ruth Lillegraven i den staselege kantina i SKL-bygget.

Fredag: Come Shine + Jan Erik Vold + Einar Økland.

Falturiltu og Stord jazzklubb presenterer eitt av dei beste jazzbanda i landet, saman med to av våre mest folkekjære poetar! Eit av dei verkelege høgdepunkta under festivalen. Etter konserten blir det nachspiel på Arena der Brit Aksnes, som nettopp har kome ut med debutboka Mannemenneske får med seg sjølvaste Stord-ordførar Gaute Epland på scena for å diskutera mannsrolla! Etterpå spelar Aksnes i det smått legendariske Microbandet.

Lik Framtida.no på Facebook: