Vegard Markhus syng og stiller spørsmålet om korleis det hadde vore om han hadde vore ein hest?
Jens Øien Kloster og Magnus Grotle
Jens Øien Kloster og Magnus Grotle

Laurdag 3. november var Vegard Markhus på Stord Folkebibliotek og Fitjar Folkebibliotek for å lesa to bøker. Arrangementet var retta mot barn frå 3-7 år og er ein del av den største nynorske barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu.

Vegard Markhus, som opphavleg er frå Norheimsund, bur no i Bergen og skriv bøker samtidig som han er barneskulelærar. Markhus debuterte i 2008 med boka «Redd» og har til no gitt ut seks bøker, alle har han skrive og illustrert sjølv. Han seier sjølv han prøver å få ut ei bok kvart år, sjølv om det ikkje alltid går som planlagt.

Då me spurde Vegard om kvifor han skreiv for barn og ikkje ungdom eller vaksne så svarar han:

– Barnebøker blir gjerne lese kvar kveld i eit halvt år, medan ei ungdomsbok blir lest ein gong og så lagt vekk.

Vegard Markhus starta samlinga med å synga ein song om å være forskjellege dyr. Han spelte ukulele og fekk fort ungane engasjert. Så fortsette han med å lese Ei kjedeleg kok, ei bok som handlar om ein som ikkje likar boka han er plassert i. Og deretter las han boka Timothy mister seg sjølv som er ei bok om ein mann som mistar delar av seg sjølv og må prøva å få dei på plass igjen der dei skal vera.

Vi spurde Vegard Markhus om kor alle ideane hans kom frå.

– Det meste kjem frå fantasien min, men det er nok ein liten link frå mitt liv i historiene og.

På Fitjar var det rundt 15 tilskodarar medan på stord var det 170 stykk.

Oppdatert: måndag 12. november 2018 22.16

Lik Framtida.no på Facebook: