No kan Albert Åberg gå og legge seg.
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen

Bildeboka Pling vaken fortel om Klara som ikkje får sove. Mamma må komme med bamsen og med vatn. Så må Klara tisse. – Eg har så masse tiss i kroppen at eg er heilt gul i auga, mamma! Sjå!

Klara er heilt gul i heile fjeset. Ho ligg bak, fram i senga med raude sengeklede og ropar på mamma som kjem inn i ein knall turkis genser. Lakenet har ruter, strømpebuksa har striper, sokkane har prikkar. Fargar og mønster, som ser ut til å vere klipte og limte, understrekar kjensla Klara har av å vere «pling vaken». Elisabeth Moseng sine illustrasjonar er fulle av energi, utsnitta er nærgåande og perspektiva lett kaotiske: Her kan ingen sove!

For snart femti år sidan kom den første forteljinga om Ålfons Åberg av Gunilla Bergstrøm. Albert heitte han, for oss som vaks opp med NRK statskanalen og barne-TV klokka seks. God natt, Albert Åberg fekk fast hylleplass i barnehagane, og har det nok framleis, mange stadar. Å få ungane til sengs og i søvn har barneboka lang tradisjon for å ville hjelpe oss med. Pling vaken kan lesast som ei nyskriving av Bergstrøm sin klassikar.

Når samtidslitteraturen gnistrar som dette, er det på tide å gje sundlesne syttitals-bøker avløysing.

Albert Åberg kan gå og legge seg, Klara frå 2018 er klar til å ta over. Ho har eit friskare, meir insisterande språk og ho tøffar seg: – Du verkar ikkje spesielt skummel. Eg trudde ikkje monster såg slik ut, seier ho til skåpmonsteret som gjev forteljinga ein ny tvist.

Ihrene Ahnell debuterer som forfattar med denne forteljinga, men ho har lang erfaring med barneteater. I ein herleg karnevalistisk snuoperasjon let ho Klara vere den vaksne.

Skåpmonsteret får slett ikkje sove, han er tørst og han må tisse. Det klassiske grepet gjev ein komisk effekt som truleg også vil fungere godt når Pling vaken vert sett i scene.

Oppdatert: sundag 18. november 2018 20.37

Kommentarar