– Me les mykje barna, og bruker òg rollespel. Det er viktig å bidra til å utvikla språket til barna, seier dei to lærlingane i barne- og ungdomsarbeidarfag frå Bømlo.
Eit halvt år ut i læretida har dei lært mykje om Språkløyper, og korleis ein kan jobba med nynorsk og lesing i barnehagen.
Språkløyper er den nasjonale strategien for språk og lesing og skriving frå barnehage og ut vidaregåande. Både Stord og heimkommunen deira Bømlo er språkkommunar, og har fått støtte til å jobba ekstra med Språkløyper dei siste åra.
– Me speler blant anna brettspelet Lotto med 3-åringane, der dei må fortelja kva som står på korta. Der er morosamt å sjå korleis dei utviklar språket sitt, seier Maria Arendt, og legg til:
![](https://pirion.no/wp-content/uploads/2019/01/DSC0651-300x300.jpg)
– Det er veldig viktig med repetisjon, og kjekt å sjå kor mykje dei hugsar for kvar gong.
Tilpassar lesinga
Kvar dag fører dei lesedagbok og får oversikten over kven som blir lese for.
– Korleis får dykk med dykk alle til å bli lese for?
– Det er nokon som av og til ikkje følgjer med eller ikkje blir med på lesinga. Då må me prøva å tilpassa oss og bruka nokre bøker som passar dei betre, fortel Valita Øksnes.
– Me kan òg mima med heile kroppen og verkeleg leva oss inn i boka, legg Maria Arendt til.
– Opplever de at ungane tar med seg det de har lese til dei med i leiken?
– Ja, det var ein gong eg las Hans og Grete, og då såg eg dei leika Hans og Grete etterpå, ler ho.
![](https://pirion.no/wp-content/uploads/2019/01/DSC0650-1024x683.jpg)
Godt samspel
Maria Arendt har første året av læretida si i Stord kommune saman med venninna Valita Øksnes. Me treff dei medan dei står på stand for Stord kommune på Utdanningsmessa for Sunnhordland.
Første året er dei utplassert i barnehage, og andreåret skal dei vera i skulen.
– Det blir veldig spennande og sjå korleis ein jobbar i skulen, seier Valita Øksnes.
Dei to 18-åringane tok barne- og ungdomsarbeidarfag på Bømlo vidaregåande.
– Viss du likar ungar, er det ei veldig kjekk linje. Å jobba i barnehage er variert. Ungane er fantastiske og det er eit godt samspel mellom barna og dei vaksne, skryt Valita Øksnes. Ho jobbar i Sagvåg barnehage, medan Maria Arendt er i Trodlahaugen.