I samband med Bokåret 2019 tilbyr Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet gratis undervisningsopplegg til utvalde nynorske barnebøker.
mm

– Vi ønskjer at Bok på 1-2-3 skal vekkje interesse for nynorske barnebøker med ulike tema. Opplegga skal vere prega av leik, undring og læreglede. Tanken er at dei skal vere enkle å ta i bruk, fortel Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret.

Ni barnebøker I samarbeid med Ivar Aasen-tunet har dei plukka ut ni barnebøker som dei vil presentere i løpet av bokåret. – Bøkene vil vere tilgjengelege for strøyming i kvar sin månad slik at lærarane kan bruke dei på storskjerm i klasserommet, forklarer Ida Karin Aarflot Kornberg ved Ivar Aasen-tunet. Boktipsa og undervisningsopplegga vil vere tilgjengelege på Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet sine nettsider utover dette.

Tverrfagleg Bok på 1-2-3 er i hovudsak laga for barneskulen. – Vi ønskjer å vise korleis ein kan arbeide tverrfagleg med litteratur, seier Gjøsdal og Kornberg. Til den første boka, Arkimedes og brødskiva, er det laga eitt opplegg for 1.-4. trinn og eitt for 5.-7. trinn. Bøkene og delar av undervisningsopplegga kan også nyttast i ungdomsskulen. – Biletbøker er ikkje berre for dei yngste elevane. Bøkene inviterer også til analyse av tekst og bilete for dei eldste i grunnskulen, seier dei.

Oppdatert: laurdag 9. februar 2019 13.42

Lik Framtida.no på Facebook: