Den populære nynorske serien rundar no 70 lettlesne bøker.
mm

Bøkene i Leseland-serien er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland har vore utgitt på Samlaget sidan hausten 2015 og består no av heile 71 titlar fordelte på 5 nivå.

Mellom vårens bøker er to av dei nyskrivne norske forteljingar, to er omsette frå svensk. Redaktør for serien, Elen Betanzo, fortel at forlaget kjem til å satse meir på nyskrivne forteljingar framover.

– Vi er ekstra nøgde med at Trude Tjensvold og Lars Mæhle kjem med Leseland-titlar i vår. Både Vil du ha katt? og Gjett ordet med Lurivar er morosame og leikne bøker som passar godt for dei aller yngste lesarane. Framover kjem vi til å satse endå meir på nyskrivne bøker av norske, spennande forfattarar, så det er også mykje fint i vente her, seier Betanzo.

Oppdatert: tysdag 26. februar 2019 19.06

Kommentarar