Anna R. Folkestad er illustratør og forfattar. Ho har skrive ei rekkje bøker, og no er ho aktuell med boka ULLA. Ei bok som handlar om å finne flokken sin.
mm

Anna R. Folkestad (35) er aktuell med barneboka ULLA. Det er ei bildebok om ein sau som finn ut at saueflokken ho er ein del av, ikkje nett er den beste flokken ho kan ha. Heldigvis finn ho ein ny bra flokk, med mange ulike dyr. Ein flokk der dei tek vare på kvarandre og ser kvarandre for den dei er.

– Kan du kome med ei bok som gjorde inntrykk på deg som barn, og kvifor?

– Ei bok eg hugsa veldig godt var ei bok om pingvinen Pablo. Han budde saman med dei andre pingvinane på ein kald stad. Men Pablo likte ikkje å ha det kaldt, så han vil reise til varmare strøk. Det eg likte med den boka var alle tinga han fann på for å halde seg varm. Som å ha varmeflaske under føtene, og bere ein heil ovn på ryggen! Pablo bestemmer seg for å reise. Etterkvart smelter isflaket som Pablo reiser på, og han må hoppe oppi badekaret han har med seg. Men badekaret held også på å synke fordi det har ingen propp! Då tek snartenkte Pablo og stappar dusjstanga oppi sluken og vatnet sprutar ut dushovudet og han suser avgårde! Pablo ender til slutt opp på ei øy med palmer og hengekøye. Veldig nøgd.

– Sidan eg både har laga bøker om pingvinar og om å vere slik du er, så må den ha gjort litt inntrykk på meg. (Las boka om Pablo igjen for eit par år sidan. Den var ikkje SÅ bra som eg hugsa, men kjekt å sjå den att uansett)

– Kva meiner du ei god barnebok MÅ innehalde?

– Karakterar som ein likar, og som ein har lyst til å lese om, og vere saman med lenge.

– Fullfør setninga: Det beste med å lese ei bok er…

– …å forsvinne inn i den og oppdage heilt nye, gjerne magiske, ting.

– Kva tre barnebøker du vil anbefale?

1 «Pølsetjuven» av Marianne Gretteberg Engedal

2 «Hysj» av Magnhild Winsnes

3 «Snillionen» av Arnfinn Kolerud

Her får du ei oversikt over alle bøkene Anna har skrive på Samlaget.

Oppdatert: tysdag 26. mars 2019 09.22

Lik Framtida.no på Facebook: