Marianne Gretteberg Engedal er illustratør og forfattar. I tillegg er ho utdanna kokk. Ho ville lage ei historie om ein tjuv, fordi ho likte å teikne tjuvar. Og på den måten blei Pølsetjuven til.
mm
  • Namn: Marianne Gretteberg Engedal
  • Alder: 33 år
  • Mental alder: 73 år
Pølsetjuven er gitt ut på Samlaget.

Marianne meiner at ei bok skal innehalde teikningar. Det er kanskje ikkje så rart, sidan det er det ho jobbar med. Instagramprofilen hennar, Skinkeape, syner mange av dei fine illustrasjonane ho lagar. Ho har over 55.000 følgjarar.

Aktuell med Pølsetjuven

Pølsetjuven er ei vakkert illustrert bok som handlar om ni år gamle Kjell som er fødd inn i ein tjuvefamilie. Men Kjell vil ikkje vere tjuv. Ein dag må Kjell stele frå venen sin, Pølse-Per. Pølsetjuven handlar om å finne ut kven ein eigentleg er – og om å tore å leve slik ein ønskjer.

Boka er skriven på nynorsk og gitt på Samlaget.

Tre barnebøker

Når Marianne får spørsmålet om å anbefale tre barnebøker er det (sjølvsagt) illustrerte bøker.

  • BarbieNils og pistolproblemet- Kari Tinnen
  • Sikade- Shaun Tan
  • Når alle sover- Nicolai Houm

Oppdatert: måndag 8. april 2019 12.28

Lik Framtida.no på Facebook: