Eit stort nasjonalt forskingsprosjekt skal kartlegga song i skular og barnehagar.
mm
Fakta om SANGBARSK

Forskingsnettverket SANGBARSK – Song i barnehage og skule – vart etablert 25. januar 2019.

SANGBARSK spring ut frå Universitetet i Agder og Oslomet, men om lag alle lærarutdanningsinstitusjonar er med på dette unike prosjektet.

Målet med prosjekta er å kartlegga song og songrepertoar i norske barnehagar og skule.

Kartlegginga vil danna grunnlag for vidare forsking, og for utvikling av plassen til songen i bachelorprogramma og musikkfordjuningane i lærarutdanningane, og i barnehage og skule.

Prosjektet starta innsamlingsarbeidet i byrjinga av mai 2019.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er eit heilt krise! seier professor Anne Haugland Balsnes til Pirion.no om det nye forslaget om å ta songen ut av læreplanen i norsk.

– Det er mykje som tyder på at songen i barnehage og skule er trua, held ho fram.

Ho er ein av prosjektleiarane for forskingsprosjektet SANGBARSK, eit nytt forskingsprosjekt i samarbeid med fleire av lærarutdanningane, som ho håpar skal styrkja songen sin plass i skulen.

Anne Haugland Balsnes er professor i musikk ved Universitetet i Agder. Foto: UiA

– Erfaringa vår viser at song ikkje lenger har ein naturleg plass i verken barnehage eller skule, men vi treng meir dokumentasjon og kunnskap, seier ho i ei pressemelding om prosjektet.

Stor innsamlingsaksjon av barnesong

I den største innsamlingsaksjonen for barnesong sidan 1970-talet skal norske forskarar i beste Asbjørnsen og Moe-ånd kartlegga Noregs songskatt for å dokumentera stillinga til songen i norske barnehagar og skular.

I tillegg skal dei forska på korleis songen påverkar sosiale felleskap i barnehage og skule.

Forskingsprosjektet som har utspringet sitt i musikkpedagogikkmiljøa ved Universitetet i Agder og Oslomet, har nyleg fått økonomisk støtte av Kulturrådet.

LES OGSÅ: Dagen startar best med song

Songen som forsvann

Song har tradisjonelt sett hatt ein sterk posisjon i dei nordiske landa, og tidlegare var skulekvardagen gjennomsyra av song.

– Slik er det ikkje lenger. I dei siste læreplanane har ikkje songen fått nokon særleg plass, sjølv om forsking viser at song har ei rekke positive effektar, seier Balsnes.

Til dømes har fleire studiar viste at song kan stimulera språkopplæringa, song kan bidra til inkludering og fellesskap, og til å fremma psykisk og fysisk helse, velvere og sjølvkjensle både for barn og vaksne.

Kvifor blir songen svekt?

Balsnes peikar på globalisering, teknologi og manglande kompetanse som moglege årsaker til at songen blir svekt.

Studiar viser òg at mange lærarar unngår å synga med barn fordi dei ikkje har tru på si eiga songstemme. På sikt vil forskarane òg kartlegga song i lærarutdanningane for å finna ut om studentane utviklar «songtryggleik» gjennom studiet.

Den eksisterande forskinga på song er stort sett gjort på korsong.

– Vi treng meir forsking på kva for ein påverknad og tyding song har i skule og barnehage, seier Balsnes.

Ho trur det viktigaste er å gjera lærarstudentar trygge på si eiga songstemme slik at dei går ut i skulen og syng med barna.

LES OGSÅ: 8 tips for å ein skule som vil synga meir

Skal gjera det enkelt å synga meir

Prosjektet vil ikkje berre fortelja forskarane om plassen til songen i barnehage og skule, men songane som kjem inn gir oss eit bilde av kva Noregs songskatt består i – anno 2019.

Mange av songane vil finna vegen inn i Oslomets nye song- og musikk-app «Trall», som skal lanserast i 2021.

– Med Trall vil vi gjera det enkelt å synga meir, få tilgang til eit vell av godt utvalde songar, og å gi barn og vaksne gode musikalske opplevingar gjennom lytting, synging, leik og eiga utforsking, seier Liv Anna Hagen ved Oslomet, som er ein av initiativtakarane til Trall-prosjektet.

Trall har fått støtte mellom anna frå Sparebankstiftelsen, Kulturrådet og Furestiftelsen.

– No håper vi at så mange som mogleg frå skular og barnehagar har lyst til å gi oss songskattane sine, slik at vi kan gi dei vidare liv, seier Hagen.

Pirion skreiv om Trall hausten 2017. Les meir her!

Musikkseksjonen ved barnehagelærerutdanningen på Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) skal utvikle sangappen Trall til bruk i barnehager og skoler. Bak fra venstre: Ingrid Anette Danbolt, Siri Haukenes, Nina Engesnes og Liv Anna Hagen. Foran: Elisabeth Anvik. FOTO: Karin Elise Fajersson, HiOA
Musikkseksjonen ved barnehagelærerutdanningen på Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) skal utvikle sangappen Trall til bruk i barnehager og skoler. Bak fra venstre: Ingrid Anette Danbolt, Siri Haukenes, Nina Engesnes og Liv Anna Hagen. Foran: Elisabeth Anvik. FOTO: Karin Elise Fajersson, HiOA
Oppdatert: fredag 12. mars 2021 08.30

Lik Framtida.no på Facebook: