Aktuell med: «Dyras beste sjekketriks» – ei faktabok om dyr på sjekker’n
Kort om boka: Visste du at mohairgeita sitt beste sjekketriks er å tisse seg sjølv i fjeset? At edderkoppar sjarmerer damene med musikk og heftige rytmar? At pingvinar frir med småstein? Eller at geviret til hjortebukken er eit verktøy for å imponere dei kresne kollene? I denne boka tek Malin Hellebø og Camilla Kuhn for seg dei fascinerande og rare metodane dyr har for å finne seg ein make.
Boka tek for seg både insekt, amfibiar og pattedyr og er ein underhaldande og kunnskapsrik inngang til den merkverdige dyreverda.
Tre barnebøker du vil anbefale:
1: Ingenlund
2: Gangsterbestemor
3: Vaffelhjarte
Ei bok som gjorde inntrykk på deg som barn, og kvifor?
– Eg hugsar veldig godt då den fyrste Harry Potter boka kom ut. Eg gjekk i fjerde klasse og læraren vår las høgt frå boka i matfri. Då vart det heilt stille i det ellers ganske bråkete klasserommet. Nokre dagar klarte eg ikkje slutte å tenkje på Harry Potter og det magiske universet han levde i og eg skulle ønskja at eg også kunne gå på ein magisk skule.
Kva meiner du ei god barnebok MÅ innehalde?
– Den må ha gode skildringar som lagar bilete i hovudet. Og karakterar som ein kan kjenna seg att i, som ein kan lika og som ein kan mislika. Ei god barnebok må også vera både vond og god, gjerne ei bok ein kan både le og gråte av.
Fullfør setninga: Det beste med å lese ei bok… er å forestille seg korleis alle dei forskjellige karakterane ser ut!