For tredje år på rad inviterer Rom for ord til laurdagsfest for den nynorske barneboka.
mm

Sist laurdag var det barnebokfest i Førde med kring 250 store og små i publikum. Denne laurdagen er det klart for fest i både Luster og på Eid.

Forfattarbesøk, høgtlesing, teater, forteljeverkstad og all slags bokmoro står på menyen.

NYNORSK TIL BARN: Janne Karin Støylen står bak Nynorsk barnebokfest i Sogn og Fjordane. Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland

– Viktig å sjå språket sitt!

Motivasjonen er alvorleg nok. Den nynorske barnelesaren ser for lite til språket sitt i oppveksten.

– Heile 97 prosent av skuleborna i Sogn og Fjordane lærer å lese og skrive på nynorsk. I kvardagen utanfor klasserommet er det annleis. Borna våre ser alt for lite til språket på fritida, seier Janne Karin Støylen i Rom for Ord i ei pressemelding.

– Alt i barnehagen kan vi kompensere for dette ved å bruke den gode, nynorske
barnelitteraturen meir, både i språklæringa og for gode leseopplevingar. Minst like viktig er det likevel at borna får sjå språket sitt heime og ute blant vener. Difor satsar vi på laurdagen som arrangementsdag og familien som målgruppe, held Støylen fram.

Frå Nynorske barnebokfest i Førde. Foto: Alf Vidar Snæland

Omreisande litteraturhus

Rom for ord er nynorskbyen Førde sitt initiativ for eit større litterært kulturtilbod i distrikta.

– I tre år har vi utvikla ulike typar litterære program for scener i byen og bygdene i kring.

Satsinga får eit stadig større nedslagsfelt, mange vil vere med på arrangør-laget, fortel Janne Karin Støylen.

Samarbeid er sjølve kjerna i Rom for ord sitt prosjektarbeid. Dei nynorske barnebokfestane vert arrangerte i samarbeid med lokale bibliotek og kulturhus, med teatret i fylket og med støtte frå både fylkeskommunen, Bokåret 2019 og fleire.

Unge kritikarroste forfattarar

Til barnebokfestane i slutten av september kjem tre kritikarroste, unge nynorsk-forfattarar som er aktuelle med nye, gode barnebøker i haust:

Sivert Nikolai Nesbø kjem med biletboka «Hauk» til Luster. Atle Berge stiller med sjette og siste bok i Barcelona-serien: «Robot-Birk» på Eid.

Sist laurdag deltok Anja Dahle Øverbye med biletboka «Lykketanna» i Førde.

Sogn og Fjordane teater deltek både med forteljeteater, eventyrstund og musikalske sprell og biblioteka finn fram dei beste barnebøkene i flotte utstillingar.

Oppdatert: onsdag 25. september 2019 21.16

Lik Framtida.no på Facebook:

Kommentarar