Bildeboka «Alle sammen teller» av den norske forfattaren Kristin Roskifte er vinnar av Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2019.
mm

Prisen vart overrekt av Sveriges statsminister Stefan Löfven under den direktesende prisutdelinga på Konserthuset Stockholm.

Kristin Roskifte får prisen for eit verk som er forskjellig og eineståande i sjangeren sin.

«Alle sammen teller» er gitt ut på Magikon Forlag.

Her kan du sjå grunngjevinga til juryen:

Årets vinnarbok har ein liten gåtefull tittel. Han viser til sjangeren som myldre- og tellebok, men viktigare er det at tittelen seier at alle saman skal reknast med og bety noko, at alle er unike og verdifulle. 

I aukande mengde fyller dei fargerike menneska bilda, frå éin gut som ser på stjernene, til tusen menneske som vurderer ein sjeldan komet. Sjølv om personane på bilda er mange og stiliserte, har alle individuelle trekk som gjer at vi kjenner dei igjen. I ulike miljø og samanhengar trer dei etter kvart fram med sine eigne, særprega liv.

Teksten er både poetisk og humoristisk, han vekker forvitenskap og gir oss rettesnorer til å forstå kva som føregår i bilda.

Med «Alle sammen teller» lèt Kristin Roskifte tekst og bilde inngå i ein samanheng som er forskjellig og eineståande innanfor tellebok- og myldretradisjonen. Det er eit verk ein kan lesa mange gonger og heile tida oppdaga noko nytt.

Oppdatert: tysdag 29. oktober 2019 22.03

Lik Framtida.no på Facebook: