Her er nominasjonane til Brageprisen.
mm

Tre av fire nominerte bøker i klassen for barne- og ungdomsbøker er skrivne på nynorsk.

Ungdomsboka Draumar betyr ingenting av Ane Barmen er nominert saman med barnebøkene Fugleguten av Rune Belsvik og Blå flaggermus av Harald Nortun.

Bokmålsboka Buffy By er talentfull av Ingeborg Arvola og Nora Brech (ill.) får òg ein nominasjon i denne klassen.

Blant nominasjonane i klassen for skjønnlitteratur er Jon Fosse med boka Det andre namnet.

Open klasse er i år sett av til bildebøker for vaksne og barn.

Her er dei nominerte i open klasse: SULT av Martin Ernstsen, Hvordan lager man en baby? av Anna Fiske, Lykke og ulykken av Hilde Hodnefjeld og 3 2 1 av Mari Kanstad Johnsen.

«Harald Nortun slepper oss inn i ein klassisk «sommar som endrar alt», og gir oss båe slag i magen og ein varm klem», skriv bokmeldar Elise Solvåg i Framtida.no. Foto: Samlaget

Får skryt av juryen

I grunngjevinga til juryen får Harald Nortun skryt:

«Blå flaggermus er korthogd og velskriven, og sveipar innom tematikk som fattigdom, rettferd, dysleksi og fleire typar utanforskap – mellom anna er Sander i aukande grad oppteken av den ukjende far sin. […] Denne underhaldande, men samstundes truverdige skildringa av den unntakstilstanden ein barndomens sommarferie kan vera, har noko på hjartet.»

Les bokmeldinga til Framtida.no om Blå flaggermus her!

Om Fugleguten av Rune Belsvik skriv juryen mellom anna:

«Fugleguten er ei sår og gripande forteljing om eit barns forsøk på å kontrollera eigne kjensler og handlingar, og om å søka samhald. Illustrasjonane til Sigbjørn Lilleeng kler Belsviks minimalistiske formspråk og gir ein romleg dimensjon til opplevingane av utanforskap og emosjonell distanse på ein måte som er tru mot barneperspektivet.»

Oppdatert: torsdag 31. oktober 2019 13.34

Kommentarar