No blir det både bråk og bøttebaluba! Silje og Maria er ute med ei splitter ny barneplate. I tillegg har dei laga ein YouTube-kanal med same namn som plata: Bråkebøttebaluba.
mm

– Vi har laga musikk som skal få ungane til å ville hoppe, danse og synge med. Songar med tekst som engasjerar, og situasjonar dei kan kjenne seg igjen i. Dette er musikk med ein god dose tøys og tull, samtidig som vi ikkje har tatt nokon snarvegar, fortel Silje Sirnes Winje.

Med snarvegar meiner både ho og Maria Solheim at dei har brukt nokre av Noregs beste musikarar med seg når dei har laga plata.

Nyskapande, norsk musikk for barn

Duoen har laga leikne poplåtar inspirert av tyggispopp frå 60-talet. Dei har hatt som mål at musikken skal vere så bra at barn og foreldre kan høyre på det saman utan at foreldra blir heilt koko.

– Vi synest at barn fortener ordentleg god musikk på norsk. Det finst veldig mange vaksne som lagar musikk for vaksne, men ikkje så mange vaksne som lagar musikk for barn. Men musikk er viktig for alle. Og vi hadde lyst til å skrive om slike ting som barn er opptekne av og snakkar om, seier Maria Solheim.

– Ja, vi diggar å lage musikk for barn! Dei er det beste, ærlegaste og mest spontane publikummet. Ein annan viktig drivkraft er at Maria og eg synest barn fortener at det blir laga nyskapande, norsk musikk, seier Silje.

BRÅKEBØTTEBALUBA: Brakebøttebaluba er den andre barneplata artistuduoen har laga saman. Silje og Maria har også laga ein YouTube-kanal som heiter Bråkebøttebaluba. Der vil du finne fine musikkvideoar til alle dei ti songane som er å finne på plata.

Ikkje berre plate, men også YouTube-kanal

I tillegg til å vere artist jobbar Silje i Nordic Screens som lagar innhald på YouTube. Ho veit kor viktig det er å presentere det barn vil ha – der dei er.

– Dagens ungar brukar utruleg mykje tid på YouTube. Dei yngste barna får kanskje sitt første møte med musikk. Dei dansar til Baby Shark, gaular «Let It Go» med Elsa og hoppar rundt saman med Crazy Frog. YouTube er prega av mykje engelskspråkleg musikk. Vi synest det er utrulig viktig å vere til stades med norsk barnemusikk på den flata ungane faktisk bruker, seier Silje. 

Alle dei ti låtane på plata blir også presentert som video på YouTube-kanalen Bråkebøttebaluba.

Kva er eigentleg ein bråkebøttebaluba?

– Det er ein song som du ikkje kan sitje stille til. Det er ein song som får deg til å hoppe, le, synge, danse og tøyse med, seier Silje.

Silje om Maria

– Maria er utruleg musikalsk, tøysete og veldig snill. Ho er ein supergod venn som det alltid er kjekt å vere saman med. Ho gjer dei rundt seg glad. Med sine rare påfunn får ho meg ofte til å le.

Maria om Silje

– Silje er den gladaste personen eg kjenner. Ho er til og med glad når ho eigentleg er litt sur. Det er imponerande! Dessutan har ho alltid 10 000 idear i hovudet sitt. Ho lagar masse melodiar, Tv-program, teikningar og tekstar. Og ho er veldig morosam å vere saman med. Når eg seier at «Det tør eg ikkje», så seier Silje «Jo, det tør du!» og då tør eg det. Ho er flink til å oppmuntre.

Oppdatert: sundag 24. november 2019 15.11

Lik Framtida.no på Facebook: