Å, jul med di gleda og barnlege lyst,
me ynskjer deg alle velkomen!
Me helsar deg alle med jublande røyst,
ti tusene gonger velkomen!
Me klappar i hendene,
me synger og me lær
så glad’ er vi, så glad’ er vi,
me svingar oss i krinsen og neiar, og bukkar.
De Austerlands vise som stjerna fekk sjå,
me veit kvar de lengtar å fara,
for me ville også til Betlehem gå.
Lat ferdafylgjet vårt vara!
Me klappar i hendene,
me synger og me lær
så glad’ er vi, så glad’ er vi,
me svingar oss i krinsen og neiar, og bukkar.
Så rekkjer eg deg no med gleda mi hand;
kom skund deg og gjev meg den andre!
Så knyter me kjærleikens heilage band
og lovar å elska kvarandre.
Me klappar i hendene,
me synger og me lær
så glad’ er vi, så glad’ er vi,
me svingar oss i krinsen og neiar, og bukkar.
Tekst: Gustava Kielland. Til nynorsk ved Bernt Th. Anker i Songbok for sundagsskulen og uppbyggjingsmøter 1906
Melodi: Svensk barneleik eller barnesong