– Me prøver ikkje å vera nostalgiske. Me er det, slår redaktør Nana Rise fast.
mm

Juletre er kjent som desemberutgåva til Norsk Barneblad heilt sidan 1898. Men i år kjem verdas eldste barneblad ut med eit nytt tilbod, i tillegg til den vanlege desemberutgåva Juletre.

Redaktør Nana Rise har henta fram illustrasjonar, tekstar og teikneseriar frå 50-, 60- og 70-talet og laga eit nytt julehefte med namn Juletre – til gledeleg gjensyn for eldre lesarar og eit tilbakeblikk på historia for yngre lesarar.

Illustrasjon frå forteljinga om juletreet hennar Soldis frå 1964. Forteljinga er det Halvor J. Sandsdalen som står bak, medan Solveig Muren Sanden har teikna illustrasjonen. Illustrasjon: Norsk barneblad / Solveig Muren Sanden

Strålande kritikk

Framsida er ein tilpassa versjon av framsida frå 1966.

– Eg er kjempespent på korleis det går, seier Nana Rise til Pirion.

Bladet er breitt distribuert gjennom Egmont, og har fått strålande kritikk. Dagbladet-kritikar Cathrine Krøger har bladet som sin favoritt blant julehefta og kallar det «hypernostalgisk».

Mykje godt i arkivet

Norsk Barneblad har namn som Maria Parr, Agnes Ravatn, Halldis Moren Vesaas, Alf Prøysen og Elias Blix i arkivet – så Nana Rise utelukkar ikkje fleire nostalgiske julehefte i framtida.

– Ragnvald Vaage er ein av mine favorittar. Han klarer å halda det både humoristisk og alvorleg, historiar ein både kan le og gråta av, som framleis er aktuelle for både min generasjon og yngre generasjonar, seier Rise-Lynum.

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: