Anna R. Folkestad har illustrert tre nye bøker om godteri, taco og sushi. Då har det vore godt med hjelp frå dottera Noelle R. Folkestad.
mm

– Visste du at tacoskjel er ukjent i Mexico? Eller at det er nokon som puttar insekter i tacoen? spør Noelle (9).

Det er noko av det som har overraska ho mest då ho var med på å jobba med dei tre bøkene som mora har illustrert. Anna R. Folkestad blei overraska over at det finst blå tacolefser.

Bøkene er ein del av Visste du?-serien til Samlaget der nokre av landets mest kjende illustratørar har illustrert tolv lettslesne Leseland-bøker.

Droppa tannpussen

Etter at forlaget sende tekstar til Anna R. Folkestad, så spurte ho yngstedottera Noelle (9) om idear til både tekst og bilde.

– Eg spurte først om ho var einig i det som stod der, og om det var interessant og gøy å lesa.

– For eksempel så var det ikkje noko gøy å lesa i godteriboka at me måtte pussa tennene etter å ha ete godteri, fortel Noelle.

Så då droppa dei det, og skreiv heller at det tar ti år før ein tyggis blir brote ned i naturen.

HAR TEIKNA: Noelle R. Folkestad (9) har teikna ein blom og fargelagt nokre av teikningane i dei siste bøkene til mora Anna R. Folkestad. Foto: Svein Olav B. Langåker

Betre med hjelp

Anna R. Folkestad fortel at ho prøver å setja seg inn i korleis det er å læra seg å lesa. Leseland-serien er mykje lese blant dei som lærer seg å bli gode i lesing.

– Eg er veldig glad for å ha nokon som kan vera kan vera streng med meg, seier illustratøren og forfattaren frå Stord. Når orda er få blir det viktig med teikningar som er med på å fortelja noko.

– Noelle er veldig god til å finna på historiar inni teikningane. Bøkene hadde ikkje blitt så bra viss ikkje Noelle hadde kome med innspel undervegs, fortel Anna R. Folkestad, og synest ho er heldig som kan involvera ungane i jobben sin.

Får litt løn

Noelle synest det er kjekt å hjelpa mora med bøkene hennar, og fortel at ho får litt løn for å hjelpa.

– Det er veldig gøy at mammaen min er forfattar, seier ho.

Mellom anna har ho lært at bøkene kan bli betre når du jobbar meir med dei.

– Kva vil du bli når du blir vaksen?

– Eg vil bli forfattar eller lærar. Eg har lyst til å læra vekk ting, og så har eg lyst til å skriva bøker. Eg har tenkt på å skriva ei bok lenge.

 

Lik Framtida.no på Facebook: