Nominasjonane til Kulturdepartementet sine prisar for barne- og ungdomslitteratur er klare. To nynorske bøker kjempar om prisen for beste bildebok.
mm

For bokåret 2019 er til saman 28 forfattarar, illustratørar, oversettarar og teikneserieskaparar nominert innanfor sju priskategoriar.

Vegard Markhus er nominert til bildebokprisen for boka Det runde problemet. Juryen skriv at boka innbyr til attlesing, og opnar både for latter og samtalar om slikt som kan vera vanskeleg.

– Markhus fortel med empati og humor, og gjer eit vanskeleg tema tilgjengeleg, skriv juryen.

LES OGSÅ: Vegard Markhus i bandet Naboen min syng på nynorsk og romvesensk

Marianne Gretteberg Engedal er nominert til bildebokprisen for boka Pølsetjuven.

Pølsetjuven er ei original forteljing om ein kjend tematikk: å ta eigne val, sjølv om det kan kjennast vanskeleg, skriv juryen. Stilen er skakk og morosam, og dei ulike karakterane understrekar fint kor ulike me er som menneske, avsluttar juryen.

Liv Gulbrandsen og Åshild Kanstad Johnsen (ill.) er nominert for boka Skoleape.

– Skoleape er ei varm og morosam bok om å vera seg sjølv fullt og heilt, og som på befriande vis lar vera å problematisera, skriv juryen.

Prisane blir delt ut av kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja måndag 23. mars 2020.

Dei nominerte til litteraturprisen er:

Ingeborg Arvola: Buffy By er talentfull. En selvbiografi

Espen Dekko: Minus 14, Gyldendal

Katrine Nedrejord: Det Sara skjuler, Aschehoug

Sjå dei nominerte til dei andre prisane her!

LES OGSÅ: Her er dei ti beste bildebøkene på nynorsk

Oppdatert: måndag 2. mars 2020 13.06