– Eg har stor tru på å kombinera spenning og underhaldning med noko av det viktigaste i verda i dag, nemleg å ta vare på miljø og natur. Eg trur dyr, natur, klima og framtida for kloden er noko mange ungar er opptekne av, seier Ruth Lillegraven.
I «Klodeklubben»-serien møter me Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet og jaktar etter miljøskurkar.
12. august kom både Dei svarte svanene og Hytta som forsvann.
Fekk hjelp av sønene
Hovudmålgruppa til bøkene er sett til 6-9 år, men Lillegraven tenkjer at dei kanskje også kan lesast for nokre litt mindre barn, og at det også finst ungar som er større som også kan ha glede av dei.
– Har du testa bøkene dine på barn?
– Dei som har lese til no, verkar heldigvis vera veldig postive, og synst det er spennande bøker. Dei to sønene mine på 8 år er jo midt i målgruppa, og var litt konsulentar undervegs. Dei likte godt, og hadde faktisk også nokre nyttige innspel.
– Korleis var du som 10-åring? Og kva gjorde du på i fritida?
– Hehe, eg var nok litt nerdete. Eg var veldig veldig glad i å lese. Dessutan var eg veldig oppteken av kattane mine, og av ei kanin eg hadde. Eg likte å vere med veninner, men hang også mykje rundt på garden vår åleine, eller med søster mi.
– Godt språk er viktig
– Kva bok som gjorde inntrykk på deg som barn, og kvifor?
– Ah, eg blei alltid lest for, og ein av dei første eg hugsar veldig godt var Anne Cath. Vestlys bøker om Guro på Tiriltoppen. Ikkje blant dei mest kjente bøkene hennar, men det var noko med det realistiske ved dei som appellerte til meg. Samtidig var det veldig spennande at Guro og Erle budde i blokk, det var så annleis enn det eg var vand med. Sidan var eg blant anna veldig oppteken av Maria Gripes mystiske og fine Tordivelen flyr i skumringen og Skyggen over steinbenken.
– Kva meiner du ei god barnebok MÅ innehalda?
– Ah, eg synst det er vanskeleg å seia. Men alle bøker, uansett sjanger og aldersgruppe, blir betre om dei har godt språk, synst eg. Og dei må gjerne vere ein kombinasjon av spennande og litt morosame.
– Kva tre barnebøker du vil anbefala?
– Å, då vil eg tilrå alle dei tre heilt fantastiske barnebøkene til Maria Parr: Vaffelhjarte, Tonje Glimmerdal og Keeperen og havet. Eg elskar dei, og det gjer gutane mine også!