Frå Norge er Rune Belsvik, Gro Dahle, Maria Parr, Trøndelag fylkesbibliotek, Marit Kaldhol, Harald Rosenløw Eeg, Svein Nyhus, Gry Moursund, Bjørn F. Rørvik, Stian Hole og Øyvind Torseter nominerte, i tillegg til Leser søker bok.
Gry Moursund og Øyvind Torseter har illustrert fleire bøker til nynorskforfattarar.
Astrid Lindgren Memorial Award (ALMA) vart oppretta etter døden til forfattaren i 2002 av den svenske staten, og blir administrert av kulturrådet i Sverige. Målsetjinga er å styrka og auka interessa for det gode barne- og ungdomslitteraturen frå heile verda. Prisen er på fem millionar svenske kroner, og blir delt ut til éin eller fleire forfattarar, illustratørar, forteljarar eller lesefremmende organisasjonar som held høgt kunstnarisk nivå, og verkar i Astrid Lindgrens ånd.
– Stolte
Det er andre året på rad at Leser søker bok er nominert til Astrid Lindgren Memorial Award, ALMA. Nominasjonen ble offentliggjort onsdag 21. oktober 2020.
– Me er stolte av at juryen anerkjenner arbeidet organisasjonen gjer for å demokratisera litteraturen og gjera gode bøker tilgjengeleg for alle. Det er veldig stas å bli nominert til den gjeve ALMA-prisen for andre år på rad, seier dagleg leiar Monica Helvig.
Norsk barnebokinstitutt, IBBY Norge (International Board of Books for Young People), Norske barne- og ungdomsbokforfattarar (NBU), Norsk bibliotekforening barn og unge og Norsk Litteraturfestival har nominasjonsrett til ALMA-prisen.