– Aldri før har det vel vore meir spanande å arrangera Falturiltufestival, og aldri har me kjent oss så letta over at (nesten) alt gjekk etter planen, skriv Falturiltu i ei melding etter festivalen avslutta i helga.
Atle Hansen har vore ein svært travel festivalforfattar frå sundag 1. september då han i samarbeid med kulturskuleelevar tok med publikum på ei spanande vandring inn i haustskogen på Stord. Hansen blei også bokbada av elevar ved alle dei tre ungdomsskulane på øya, i programmet 2 Hansen og 1 band. Her hadde han følge av debutanten Sigrid Agnethe Hansen.
Strøyma fagleg seminar
I samarbeid med HVL, Barnebokkritikk og Foreningen!les var det også i år fagleg seminar, og dette blei strøyma på nettet. Stord kulturskule som skulleheidra festivalforfattaren med fATLEriltu, ei elektronisk og symfonisk litteraturframsyning, valde å utsetta dette arrangementet, men det er berre å gle seg.
Klassikartimen har blitt ein tradisjon under Falturiltu, og i år var det festivalforfattaren som samtala med Einar Økland om tilrettelagde bøker, med utgangspunkt i Økland si bok Sikk-sakk, frå 1978.
Populært i stallen
Blant dei mest populære innslaga for dei minste under årets festival, var Stallturiltu med bokaktuelle Malin Hellebø, og møte med Marianne Gretteberg Engedal si bildebok Pølsetjuven, i dramatisering ved Heidi Marie Vestrheim og Jarl Flaaten Bjørk.
Bok og fiskebolle hadde førpremiere på Anna Rommetveit Folkestad si bok Fiskebolleboksraketten, som kjem ut i 2021.
Ruth Lillegraven presenterte sin nye miljø- og spenningserie, Klodeklubben på Stord folkebibliotek.
Marianne Gretteberg Engedal og Hans Sande turnerte i stordskulane og Tor Arve Røssland fortalte om jubilanten Pode.
Dei unge fekk forfattarmøte med Ane Barmen (digitalt) og Magnhild Bruheim, og Anders Totland stilte til flott musikalsk bokbad med Stord vidaregåande skule.
Forfattar og journalist Randi Fuglehaug kunne ein treffe fleire stader, blant anna med sin krimdebut, Fallesjuke, på Stord folkebibliotek. Den høgt akta omsetjaren og gjendiktaren Tove Bakke besøkte dei vidaregåande skulane Stord og Skeisvang, og stilte på Språkkafe i Stord folkebibliotek i samarbeid med Internasjonal kulturklubb.
Mykje kjekt for vaksne
For dei vaksne var nok vaksenbokkvelden med Tore Renberg, i samarbeid med Stord mållag, eit høgdepunkt, og både vaksne og unge storkosa seg på to utselde konsertar med Odd Nordstoga Supertrio.
Det var festivalutstilling med elevar ved designlinja på Fitjar vgs, i foajeen i kulturhuset, og denne blir hengande også i tida framover.
Svein Tindberg trollbatt publikum i Stord kyrkje, der også Atle Hansen, Ian Kolstad og Frode Hammersland framførte utvalde nynorske salmar på særeige vis. Heile festivalen vart avslutta med forestillinga HO TOK MED SEG BILEN og sette sykkelen igjen til meg, på Arena, fredag 6. november. Her hadde Hansen med seg bandet Bømlablues, doo-wopdamene MaMa K og litterær supergjest Ragnar Hovland.
– Takk til våre trufaste frivillige, alle samarbeidspartnarar og sponsorar. No gler me oss til å gå laus på planlegginga av Falturiltu 2021, avsluttar festivalsjef Roald Kaldestad, festivalkoordinator Trond Leirvik Onarheim og sentralkomitemedlemmene Anna R. Folkestad, Jane C. Jünger og Hege Myklebust i ei melding.