Klassekampen har bede 16 kritikarar til å kåra dei tre beste barnebøkene frå dei siste 20 åra. «Tonje Glimmerdal» av Maria Parr tronar på topp.
mm

Klassekampen har fått 16 kritikarar til å lista opp sine tre norske favoritt-barnebøker frå 2000-talet. I dag presenterte avisa den uformelle lista over kritikarfavorittar med klassikarpotensial. Totalt er 28 bøker føreslått.

Tonje Glimmerdal av Maria Parr toppar lista. Over halvparten av kritikarane hadde den blant sine topp tre. For vel eitt år sidan blei boka kåra til éi av dei ti beste barnebøkene på nynorsk sidan år 2000.

På andreplass ligg Garmanns sommer av Stian Hole, mens det er delt tredjeplass til Bukkene Bruse på badeland av Bjørn F. Rørvik og Pling i bollen av Ingvild H. Rishøi.

Blant dei andre på lista over dei nominerte er Vaffelhjarte av Maria Parr, Jakob og Neikob av Kari Stai, Eg er ein frosk av Kurt Johannessen og Verdas mest forelska par av Rune Belsvik.

Oppdatert: onsdag 10. februar 2021 19.04

Lik Framtida.no på Facebook: