To nynorske bøker er nominerte til Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomslitteratur utgitt i 2020.
mm

27 forfattarar, illustratørar, teikneserieskaparar og omsettarar er nominert i sju kategoriar.

Prisen vert administrert av Norsk barnebokinstitutt og delt ut av kultur- og likestillingsminister Abid Raja den 10. mars.

Blant dei nominerte er Malin Hellebø med den andre sakprosaboka si for barn, Inn i munnen. Les intervju med ho her!

Stolt forfattar: Har du lurt på kvifor munnane til dyra på jorda er så ulike? Det har forfattar Malin Hellebø også. Foto: Helene Jelsø Spanthus

Dei nominerte er:

Fagbokprisen:

  • Endre Lund Eriksen og Sigbjørn Lilleeng (ill.): Døden (Cappelen Damm)
  • Malin Hellebø og Bård Torkildsen (ill.): Inn i munnen (Gyldendal)
  • Jannicke Wiik-Nielsen, Ole Mathismoen og Dag O. Hessen: Tett på insekter og småkryp (Fontini)

Litteraturprisen:

  • Line Baugstø: Jeg er Leona (Aschehoug)
  • Kathrine Nedrejord: Lappjævel! (Aschehoug)
  • Monika Steinholm: Ikke akkurat Lykke (Vigmostad og Bjørke)

Les også intervju med Kathrine Nedrejord om hennar førre bok, der ho skriv om valdtekta ho vart utsett for: – Kall ein spade for ein spade. Eit offer er eit offer, ikkje ein utsett

Biletbokprisen:

  • Monia Nilsen: Heldiggrisen (Cappelen Damm)
  • Kaia Dahle Nyhus: Fremmed mann (Cappelen Damm)
  • Rebecca Wexelsen og Camilla Kuhn (ill.): Ulf er uvel (Ena)

Debutantprisen:

  • Alexander Kielland Krag: Dette blir mellom oss (Gyldendal)
  • Hans Jørgen Sandnes: Krypto. Ned i dypet (Gyldendal)
  • Gulraiz Sharif: Hør her’a! (Cappelen Damm)

Teikneserieprisen:

  • Aleksander Kirkwood Brown og John S. Jamtli (ill.): Magnus Carlsen og sjakkmorderen (Cappelen Damm)
  • Nora Dåsnes: Ti kniver i hjertet (Aschehoug)
  • Jenny Jordahl: Hva skjedde egentlig med deg? (Cappelen Damm)

Les også intervju med teikneserieskapar Jenny Jordahl: – Mange tener på å gje oss dårleg sjølvbilete

Illustrasjonsprisen:

  • Nora Brech for illustrasjonane til Buffy By er inspirert: en spenningsroman av Ingeborg Arvola (Cappelen Damm)
  • Jens Kristensen for illustrasjonane til Klodeklubben: Dei svarte svanene av Ruth Lillegraven (Samlaget)
  • Elisabeth Moseng for illustrasjonane til Salamanderprinsen av Elisabeth Moseng
    (Vigmostad og Bjørke)

Omsettarprisen:

  • Agnes Banach for omsettinga frå polsk av Volveren: det siste ønsket av Andrzej Sapkowski (Gyldendal)
  • Vibeke Saugestad for omsettinga frå amerikansk-engelsk av På vei mot toppen av Angie Thomas (Gyldendal)
  • Hedda Vormeland for omsettinga frå nederlandsk av Nå heter alle Sorry av Bart Moeyaert (Cappelen Damm)