Av over sytti søknader, har Kulturtanken no valt ut sju kustnarar som får midlar frå den første utlysinga skal gi fleire nynorskframsyningar i skulane.
mm

Musikar og komponist Sandra Kolstad den første som er valt ut. Ho tar utgangspunkt i dikta til Jon Fosse på plata Elv på himmelen.

– Eg vil laga ein konsertproduksjon som har ein underliggande bodskap til kvar enkelt elev: Det kan vere vondt å vera menneske, men det er verdt det, og somme tider er det fantastisk! skriv Kolstad i grunngjevinga.

Allsong og hiphop

Bandet Good Time Charlie har gitt ut tre barneplater med nye, nynorske tekstar til blues av beste merke. No får dei midlar til å halda konsert med barna.

Illustrasjonsbilete til produksjonen «Hybrid/Sample-mennesket», av Belinda Braza og Charlotte Korrell.

– For kvar konsert er målet vårt å få heile salen til å delta i heile konserten, invitera til allsong og aktivitet, og laga ei god og inkluderande musikkstund, skriv bandet.

Dansaren Belinda Braza vil utvikla ein produksjon som kombinerer samtidsdans, hiphop og slam med fellesnemnarane kamp, motstand og løvetann-filosofi. Lang fartstid i den kulturelle skulesekken og eineståande tilbakemeldingar frå elevane gjer at ho får den tredje gullbilletten, ifølgje Kulturtanken.

Livsmeistring og frigjering

Geir Egil Eiksund debuterer denne våren med oppvekstskildringa Kampen.

– Eg har skrive ei bok eg sjølv ville hatt god nytte av å lesa som 11-åring, då eg skjønte at eg var homofil. Draumen er å laga ein DKS-produksjon som ikkje berre eg, men heile klassen min hadde hatt godt av å sjå, skriv Eiksund.

Martine Grande tar utgangspunkt i den siste boka si Ørn. Foto: Ragne Grande

Forfattar, illustratør og animatør Martine Grande har òg livsmestring og frigjering som tema i si nye, fine bildebok Ørn. Ho vil utvikla eit animasjonsteater, der idéverkstad workshop og kreativitet er viktige stikkord.

Scenekunstnar Dordi Strøm tar utgangspunkt i scenografi og kostymedesign når ho skal utvikla den sjette av sju produksjonar i prosjektet «I dag er du kostymedesignar!».

Falske nyhende

Forfattaren Anders Totland har på oppdrag frå Nynorsk kultursentrum skrive eit overtydande manus som hentar fram hendingar frå nyheitsbiletet dei siste åra, ser på dei med kritisk blikk og inviterer elevane til å tenkja sjølve: Kronprinsen rette fram handa, men den unge kvinne la si eiga hand mot hjartet og bøygde hovudet. Kva var det eigentleg som hende?

Forfattar Anders Totland, Nynorsk kultursentrum og skodespelar Richard Olsen samarbeider om produksjonen «Skit eller kanel».

Forfattar Anders Totland. Foto: Marius Kuntsen, Samlaget

– Gullbillettar til nynorsken!

Dei heldige sju skal få rettleiing og støtte til både vidare utvikling av form og innhald, og i å nytta nynorsk som arbeidsspråk. Tapt inntekt som følgje av kunstnaropphaldet vil bli dekt av ordninga med ein fast takst, i tillegg til reise og andre utgifter.

– Sju gullbillettar til nynorske! skriv jurymedlem Janne Karin Støylen i pressemeldinga frå Kulturtanken.

I tillegg dei står Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar bak samarbeidet som har som mål å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken.

Oppdatert: laurdag 6. mars 2021 13.58

Lik Framtida.no på Facebook: