Professor Eli Bjørhusdal ved Høgskulen på Vestlandet meiner det manglar eit fagpolitisk medvit om nynorsk i barnehagane, og etterlyser ei stadfesting av språklege rettar i rammeplanen og barnehagelova.
mm

Nynorske barnehagar syng og les meir på bokmål enn nynorsk, viser ei ny undersøking frå Pirion og LNK.

– Me har fått mange granskingar av bruk av nynorsk i barnehagane som viser at pedagogane i barnehagane i nynorskområde ønskjer å syngja og lesa på nynorsk, seier professor Eli Bjørhusdal.

Problemet, slik ho ser det, er at nynorskarbeidet må vika for alt det andre som skjer i barnehagen som det er knyta krav og forventningar til.

– Det som ikkje kjennest prekært, må ofte vika i møte med andre pedagogiske omsyn og satsingar i barnehagane som dei tilsette synest dei bør og føler dei må gjera.

Ikkje individuelt ansvar

Eli Bjørhusdal viser til forsking som viser potensiale for meir stimulering på nynorsk i barnehagane.

– Men ein kan ikkje lessa alt dette over på kvart individ som jobbar i barnehagane. Rammeplanen må tematisera nynorsk og ta inn i seg formuleringar om at barn som skal møta nynorsk i skulen òg må møta nynorsk i barnehagen.

Professoren ved Høgskulen på Vestlandet etterlyser eit større fagpolitisk medvit om nynorsk i barnehagane.

– Barnehagelova må òg ta dette inn i seg. I dag tar ikkje lova konsekvensane av nynorsk inn i seg, og manglar formuleringar om språksituasjonen i Noreg.

Lokale rammeplanar

Enkelte kommunar har laga eigne rammeplanar, etter at den nasjonale rammeplanen blei gjeldande frå hausten 2017. Blant dei første er Ørsta kommune som har vedtatt at kvart barn i Ørsta skal bli lesen for på nynorsk kvar dag.

Eli Bjørhusdal meiner lokale rammeplanar kan vera med på å bøta på manglane i den nasjonale rammeplanen.

– Det er veldig flott med kommunar som tar ansvar, og det skulle ikkje forundra meg om at dei barnehagane som jobbar best med nynorsk er i desse kommunane, seier ho, og påpeikar at lokale styringsdokument kan vera ei viktig støtte for barnehagane og visa dei korleis dei kan jobba godt med nynorsk.

– Me veit frå forskinga at ein ikkje lærer skriftspråk viss ein ikkje møter det. Borna må få høyra skriftspråket dei skal læra gjennom songar og høgtlesing. Barnehagane må snakka om nynorsk og bokmål. Det går an å snakka om kva nynorsk er utan at det blir skule for det, understrekar Bjørhusdal.

LES OGSÅ: Nynorske barnehagar les og syng framleis mest på bokmål

Jannicke Mæland les for borna i Espira Salamonskogen barnehage på Bømlo.

Oppdatert: onsdag 12. mai 2021 15.33