Leiaren i Noregs Mållag etterlyser meir sentrale føringar i barnehagelærarutdanningane, og meir støtte til barnebøker på nynorsk.
mm

Nynorske barnehagar syng og les meir på bokmål enn nynorsk, viser ei ny undersøking frå Pirion og LNK.

– Det er nedslåande resultat, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

– Barnehagane skal førebu ungane språkleg på skulekvardagen. Særleg for dei dei som skal byrja på skulen med nynorsk som hovudmål, vil det vera problematisk viss dei blir eksponert mest på bokmål i barnehagen, seier han.

– Stort språkpolitisk ansvar

Før rammeplanen blei innført i 2017, var Noregs Mållag svært tydeleg på at rammeplanen måtte tematisera nynorsk og situasjonen til borna som skal byrja på nynorsk som opplæringsmål. Dette blei ikkje følgd opp av regjeringa.

– Slik det er no, er det opp til kvar enkelt barnehage å ta vare på dei språklege rettane til borna, seier Lofnes Hauge. Han seier at manglane i rammeplanen gjer at barnehagane og kommunane får eit stort språkpolitisk ansvar for å ta vare på borna som skal ha nynorsk på skulen seinare.

Treng løft i barnehagelærarutdanninga

Leiaren i Noregs Mållag etterlyser meir sentrale føringar i barnehagelærarutdanningane.

– Det er viktig at studentane får kompetanse på nynorsk, slik at dei er klare til å driva godt nynorsk språkarbeid i barnehagane.

Peder Lofnes Hauge peikar òg på at det er trong for støtte til produksjon av nynorske barnebøker og songbøker, slik at det blir tilgang på fleire bøker for barnehagane.

Oppdatert: onsdag 12. mai 2021 15.33