– Nynorskkommunane etterlyser fleire midlar til satsingar på nynorsk i budsjettet for Kunnskapsdepartementet, seier styreleiar i LNK, Sara Hamre Sekkingstad. Ho understrekar at det er stor trong for fleire digitale læremiddel og ressursar på nynorsk.
LNK er særleg uroa over framtida til Pirion, etter at støtteordninga der Pirion har fått støtte dei siste åra er føreslått fjerna i statsbudsjettet. Pirion har som formål å stimulera språk- og kulturarbeidet i barnehagane og småskulen, og blei starta i år 2000 av LNK og Noregs Mållag.
Hjelper til i språkarbeidet
I ei undersøking som LNK og Pirion gjennomførte tidlegare i år, kom det fram at det blir sunge og lese meir på bokmål enn nynorsk i nynorske barnehagar.
Barnehagestyrarane svarar at noko av det viktigaste som skal til for å få meir nynorsk i barnehagane, er meir bevisstgjering.
– Pirion starta tidlegare i år ein serie med digitale kurs for å skapa meir samtale og bevisstgjering om gode tiltak for å styrka språkstimuleringa på nynorsk. Dette er etterspurt i barnehagane, og veldig synd om me misser støtta til det vidare arbeidet vårt, seier redaktør for Pirion, Svein Olav B. Langåker.
Legg om støtteordningane
I forslaget til statsbudsjett er prosjektstøtteordninga som Pirion har fått støtte frå dei siste åra endra til å berre gjelda tiltak mot mobbing, medan andre organisasjonar blir føreslått å få grunntilskot. Pirion er ikkje blant organisasjonane som får grunntilskot i forslaget til statsbudsjett.
– LNK skulle ønskt at Pirion kom inn med fast grunntilskot, seier styreleiar i LNK, Sara Hamre Sekkingstad.
Fast støtte til Magasinett, men mindre
Eit anna viktig nynorsktilbod som LNK driv, Magasinett, er mellom organisasjonane som regjeringa føreslår å gje grunntilskot.
– Det er viktig og gjev ei meir føreseieleg framtid for satsinga vår på barn og ungdom, seier Svein Olav B. Langåker, som òg er redaktør for Magasinett og leiar for dei digitale skuletilboda til LNK.
I 2021 får Magasinett over 1,2 millionar i støtte frå Utdanningsdirektoratet til to prosjekt med artikkelseriar, skrivekonkurransar og skrive- og debattkurs for elevar i grunnskulen og vidaregåande. I forslaget til statsbudsjett for 2022 får Magasinett 130.000 mindre enn i år.
– Me opplever ein stor auke i talet på lesarar våre på Magasinett, Framtidajunior.no og Framtida.no og håpar det er mogleg å få til ein auke i støtta og ikkje ein reduksjon, avsluttar Langåker.