Nynorskelevar får ikkje den digitale skulekvardagen på nynorsk som dei har krav på. Rektorane håpar på hjelp frå staten.

Meir enn 90 prosent av rektorane på grunnskular med nynorsk opplæringsmål ønskjer at den nye opplæringslova skal ha krav om at skriveprogram og kontorstøtteprogram skal vera på nynorsk.

Det viser ei undersøking som Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) har gjennomført i samarbeid med Pirion og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. 109 rektorar har svara på undersøkinga.

Raude strekar under nynorsken

ALVORLEG: – Det svært alvorleg at nynorskelevane ikkje får dei digitale hjelpemidla dei treng, seier Svein Olav B. Langåker, dagleg leiar i LNK. Foto: LNK

I fjor skreiv 108 ordførarar under på eit opprop med krav om å få nynorskversjon av skriveprogramma til Google. Dette kravet er enno ikkje innfridd.

Ifølgje undersøkinga svarar nær 30 prosent av rektorane at elevane bruker skriveprogram som Google Dokumenter og Pages frå Apple. Ingen av desse har godkjent nynorsk ordliste.

– Det er svært alvorleg når nynorskelevar ikkje får dei digitale hjelpemidla dei treng. Slik det i dag fungerer, så kan enkelte digitale hjelpemiddel vera meir til skade enn hjelp for elevar som skal læra nynorsk i skulen, seier Svein Olav B. Langåker, dagleg leiar i LNK.

Mellom borken og veden

Under 25 prosent av rektorane svarar at det mest brukte digitale læremiddelet deira fungerer like godt på nynorsk som bokmål. Skulane opplever det som vanskeleg å setja krav til fullgode versjonar på nynorsk. Då sit dei igjen med eit mykje mindre utval. Ein av rektorane skildrar situasjonen slik:

– Som skule kan ein fort hamna mellom borken og veden i fag der ein ikkje har bøker, men berre driv digitalt. Då «må» ein gjerne godta at læremiddelet enno ikkje er fullgodt på nynorsk. Det er typisk for forlaga å prioritera bokmålsversjonane.

SET KRAV: Rektor ved Rommetveit skule Britt Kristin Ladehaug ønskjer strengare nynorskkrav til digitale læremiddel og hjelpemiddel i opplæringslova. – I dag er det mykje meir arbeidskrevjande for både lærarar og leiarar på nynorske skular, seier ho. Foto: LNK

Treng at nokon tar ansvar

Det er store forskjellar mellom korleis rektorane opplever dei ulike forlaga, men felles er at berre eit mindretal er nøgde med dei nynorske versjonane. Fleire rektorar er misnøgde med at dei får tilsendt vurderingseksemplar på bokmål. Det gjer det vanskelegare å vurdera nynorsken.

– Fleire av rektorane seier at dei bruker tid på å påpeika nynorskfeil og koma med rettingar til forlaga. Slik kan det ikkje vera, seier Langåker.

95 prosent av rektorane seier det vil vera til hjelp om nokon fekk ansvar for å passa på at dei digitale læremidla har fullgode versjonar på nynorsk.

Berre 22 prosent av skulane seier det stemmer heilt at dei har gode rutinar som blir følgde opp for å sjekka om elevmaskinene og læremidla har dei rette språkinnstillingane.

Arild Torvund Olsen er høgskulelektor ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Foto: Nynorsksenteret

– Me er nok ikkje flinke nok til å sjekka innstillingar. Det er ei grense for kor mykje ein lærar har kapasitet til å halda styr på, skriv ein av rektorane.

Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret meiner det må på plass gode sentrale løysingar som kan gjera det enklare for lærarane å ha kontroll.

– Det beste er om språkvalet følgjer eleven og Feide-brukaren gjennom alle læremiddel, hjelpemiddel, skriveprogram og maskinvare. Først då er ein sikker på at nynorskelevane får den digitale skulekvardagen dei har krav på, seier Olsen.

Klare krav til ny opplæringslov

I løpet av året er det venta at regjeringa skal leggja fram ei ny opplæringslov. Før jul leverte ei samla nynorskrørsle, ei rekkje nynorskkommunar og skular klare krav til lova.

– Ei ny opplæringslov må vera klokkeklar i kravet til læremiddel og læringsverktøyprodusentane. Skal dei få innpass i skulen, må dei levera produkt på både nynorsk og bokmål, heiter det i ei fråsegn frå landstinget til LNK i haust.

Oppdatert: onsdag 30. mars 2022 10.25

Lik Framtida.no på Facebook:

Kommentarar