Kulturdepartementets Bildebokpris på 50 000 går til Markus Lantto og Camilla Kuhn (ill.) for «Kåre og Marimba hjelper til».
mm

Om boka: Kåre og Marimba kjedar seg. Fornuftige Kåre foreslår at dei kan rydde rommet, men Marimba vil ete is. Til slutt blir dei einige om å bruke tida på å hjelpe den første dei møter. Det blir Torsten, ein mann som står og fiklar med låsen på ein sykkel og absolutt ikkje vil ha hjelp. Men Kåre og Marimba lar seg ikkje stoppe. Dei hjelper Torsten med å bryte opp sykkellåsen, og etterpå blir dei med på ein forrykande sykkeltur og leiker gøymsel med det dei trur er venene til Torsten. Men kvifor ser venene ut som ekte politifolk?

Frå grunngjevinga til juryen: Markus Lantto og Camilla Kuhn ei framifrå forståing for bildebokmediet. Forteljinga er velskriven med god dramaturgi og mange antydingar som det er opp til lesaren å få med seg eller ikkje. Bokas store styrke er det kreative samarbeidet mellom ord og bilde, dei utfyller og motseier kvarandre på ein leiken måte som stiller krav til lesaren. Kontrastane i persongalleriet – den snusfornuftige Kåre, den sprudlande Marimba og den rufsete tjuven Torsten – gir mange tankar om både rett og gale og kva det eigentleg vil seie å kjede seg.

Lik Framtida.no på Facebook: