Tips
- Vel nynorske bøker så ofte som råd. På Nynorskbok.no finn du omtalar av nynorske bøker for born i barnehagealder.
- Velkomen innom Nynorsksenteret sine nettressursar for barnehagen!
- Språkløyper gir også råd om korleis ein kan arbeide med språk og leseaktivitetar.
Gammalt nytt, seier du? Kanskje det, men stadig like relevant, om ikkje meir. Forsking viser at det blir lese mindre i heimane no enn tidlegare (Stangeland et al., 2023). Det er også stor forskjell på lesepraksisen i ulike barnehagar.
I år er lesing sett på dagsorden gjennom ei nasjonal lesesatsing, Tid for lesing, som særleg rettar seg mot lesing i skulen. Det bør satsast på lesing på alle frontar, fortel satsinga. I barnehagen handlar det ikkje om det å lære å lese, men om å få gode opplevingar knytt til lesing. Leselyst og leseglede kjenner ingen grenser, verken nedover eller oppover i alder. Likevel kan også lesing bli nedprioritert eller rett og slett gløymt av i ein hektisk kvardag.
Å ta del i ei lesestund gir estetiske opplevingar som stimulerer kjensler og empati, samstundes som det er språkutviklande – det er med på å auke ordforrådet og gir erfaringar med strukturar i skriftspråket (Grøver, 2018; Mjør, 2009). Når nokon les høgt frå ei bok, får barnet også erfaringar med kva ei bok er og at ein kan formidle noko gjennom skrift. Å sitje tett saman og sjå i lag i ei bok byggjer dessutan fellesskapskjensle og gir felles referanserammer. Høgtlesing gir påfyll av leikeinspirasjon og opnar opp for å bli kjende med tema, stader og situasjonar som ein elles ikkje møter i kvardagen. Høgtlesing gir grobotn for gode samtalar og næring til fantasi og kreativitet. Kort sagt er høgtlesing eit kinderegg som støttar den sosiale, emosjonelle og kognitive utviklinga.
Det er lett å bli overvelda over alt som ein bør tenkje på når ein skal leggje til rette for ei heilskapleg utvikling som både støttar individet og fellesskapet i barnehagen. Då er det godt å vite at det finst få aktivitetar som krev så lite utstyr og førebuing, og som gir så mykje på så mange område, som høgtlesing. Høgtlesing kan gå inn i alle fagområda i Rammeplan for barnehagen, om ein vel den rette boka eller legg høgtlesinga til den rette staden. Ei god lesestund opnar opp for samtale med borna før, undervegs og etter.
Høgtlesing bør skje jamleg – helst kvar dag – ei kort eller lang lesestund, planlagt eller spontan. Det finst så mange måtar og stader å lese på! Og det finst så mange bøker. Nokre bøker innbyr til leik, tøys og moro, medan andre er alvorlege eller inviterer til grubling. Av og til får ein ikkje fullført boka på ei lesestund, og det er også heilt greitt. Det øver opp evna til å hugse det ein har lese før, og halde fram ein annan gong. Andre gonger les ein den same boka tre gonger på rad, fordi borna likar henne så godt.
Høgtlesing i barnehagen er med på å jamne ut ulikskapar mellom dei som blir lesne for heime og dei som ikkje blir det. Det er med på å gje alle barn like moglegheiter for læring og deltaking i samfunnet seinare i livet. Barnehagen si rolle her er uvurderleg. Så, les med borna og lag gode leseopplevingar i barnehagen.
God lesestund!
Kjelder
Grøver, V. (2018). Å lære språk i barnehagen. Cappelen Damm AS.
Mjør, I. (2009). Høgtlesar, barn, bildebok : vegar til meining og tekst Universitetet i Agder]. Kristiansand.
Stangeland, E. B., Campbell, J. A., Kucirkova, N., & Hoel, T. (2023). Shared book reading: a Norwegian survey of reading practices in families. Scandinavian Journal of Educational Research, 1-16. https://doi.org/10.1080/00313831.2023.2229369