Femteklassingar i Noreg les stadig dårlegare. Det viser ferske tal frå dei nasjonale prøvane. Men på Langeland skule på Stord går dei mot straumen. 
mm

På Langeland skule har satsinga på skulebiblioteket ført til rekordutlån av bøker. Femteklassingane no skårar no best i heile kommunen i dei nasjonale prøvane i lesing.

– Noko av det første me gjorde var å kasta bøker, fortel lærar og skulebibliotekar Synnøve Stautland Koløen. Ut med gamle og fillete bøker, og inn med nye og freistande bøker.

– Me ville at biblioteket skulle vera eit annleis rom på skulen, eit tiltalande og godt rom der elevane hadde lyst til å vera, med bøker det var freistande å lesa i, seier ho til Framtida Junior.

UTLÅN: Frida Haukereid (10) og Diana Amiri (10) synest det er kjekt å jobba som skulebibliotekarar.

Elevbibliotekarar

Skulebiblioteket har òg fått sine eigne elevbibliotekarar.

– Elevbibliotekarane våre er veldig gode ambassadørar for lesing, seier Synnøve Stautland Koløen.

Kvar haust lyser skulebiblioteket ut jobben som elevbibliotekarar, og alle som er interesserte i jobben må søkja.

– Eg skreiv at eg kan ta ansvar, likar å hjelpa til og likar å ha det ryddig, seier Astrid Aasheim (12).

Saman med Diana Amiri (10), Frida Haukereid (10) og Olav Emile Roseth Carlsen (12) er ho blant dei kring ti heldige som har blitt elevbibliotekar denne hausten.

– Det er ein gøy jobb og kjekt å få koma på biblioteket, fortel Olav Emile. Kvar av dei jobbar éin gong i veka i storefri.

TILRÅR BØKER: Skulebibliotekarane har si eiga hylle der dei kan tilrå bøker til medelevane sine.

Får lesa før alle andre

Ein fordel med å vera elevbibliotekar, er at dei kan få lesa dei nye bøkene før alle andre, og dei kan koma med ønskje til bøker å kjøpa inn. Og så kan dei vera inne i det varme og lyse biblioteket i friminutta når dei andre må vera ute i regnvêret.

– Eg ryddar, set lappar på nye bøker og skannar bøker som er innlevert, fortel Frida Haukereid (10).

Elevane har òg vore med på å laga ulike utstillinga, som til dømes halloween-utstilling, og tilrår bøker til medelevane.

– Det er gøy å lesa, og leva deg inn i ditt eige univers. Du kan koma inn i ei verd som er di, seier Astrid Aasheim (12).

– Det er gøy å lesa bøker med bilde, men når det ikkje er bilde der, så kan du laga dei sjølv inni deg, seier Olav Emile.

MANGA: Sjuandeklassingane Astrid Aasheim (12) og Olav Emile Roseth Carlsen (12) ser fleire spennande mangabøker i hylla for dei japanske teikneseriebøkene.

Viktig for leselysta

Synnøve Stautland Koløen jobbar fire undervisingstimar i veka på biblioteket, og understrekar at alle skulebibliotek burde vore bemanna.

– Skulebibliotek er viktig for å skapa leselyst hos born. Då må det satsast på å byggja opp både dei fysiske rammene og at skulebiblioteka er bemanna slik at det ikkje berre blir eit rom med bøker i, men også eit levande rom der det foregår aktivitetar som er med på å skapa kultur for lesing blant ungane, seier ho.

Skulen har fått prosjektmidlar frå Utdanningsdirektoratet til utvikla skulebiblioteket og får alle bøkene som staten kjøper inn gjennom Kulturrådet.

FAVORITTAR: Astrid Aasheim (12), Diana Amiri (10), Frida Haukereid (10) og Olav Emile Roseth Carlsen (12) viser fram favorittseriane sine.

Lik Framtida.no på Facebook: