Frå soloppgang til kveld leiker, tullar og fabulerer Krølle seg gjennom tjue korte tekstar med fantasieggande illustrasjonar. Boka er eit samarbeid mellom debutant Anker Eysajan og bildebokveteran Hilde Hodnefjeld, som har det meste av æra for eit vellykka resultat.

Fortrylla kvardag
Dei store, mørke krøllane til Krølle minner om hovudpersonen i finske Camilla Mickwitz sine bildebøker om Jason, som kom ut midt på syttitalet. Jason hang som ein strek i forlenginga av handa til mamma Gudrun, mens ho hasta til og frå barnehage og jobb på fabrikken. Som aleinemamma med anstrengd økonomi var ho eit driftig finsk motstykke til svenske Albert Åberg sin meir bedagelege aleinefar.
Krølle har både ein far og ei mor, til og med ein bror, og ein mindre stressande kvardag enn Jason. For det meste tassar han rundt heime i blå og kvitstripete strømpebukser og lodden, gul genser. Heimen er møblert, ikkje minst i form av ei diger bokhylle som fyller øvre halvdel av sidene i diktet Bøkene. Nedre del er golvet, der Krølle ligg utstrekt på magen med strømpebukseføtene i vêret og tar ein pause mellom speloppane. Bøker ligg strødd rundt han, alle opne med sidene ned, fordi «Golvet vil lesa.»

Kvardagshendingar blir fortrylla av barnet som tolkar alt som skjer fritt og ubunde av logikken sine grenser. Når månen ikkje er synleg på himmelen, er det fordi han ligg i magen på Krølle, i form av ein oppeten banan.
Mora til Krølle tar mindre plass enn Gudrun hos Jason, men er framleis formidabel, ei tøff kvinne med raudt hår i strie strekar, kort kjole og høge, svarte boots. Ho bryt inn i Krølle sine tankar og fantasiar, ber han stå opp, slutte å bråke og bli med for å kjøpe ullbukser. Det er også ho som støvsugar når noko går i knas. Mest plass tar ho i diktet Klassen, der ho er så stor at hovudet hennar ikkje får plass på sida, og teksten lyder i sin heilheit: Eg er lærar/ «Du må rydda», seier mamma./ Mamma er den høgaste,/ mest bråkete,/ med dei største auga,/ og den sintaste og suraste eleven eg nokonsinne/ har sett/ i klassen.

Tolkingar om framstilling
Dikta består av slike små episodar, og er fattige på rim og snert. Dei fleste endar i eit morosamt eller finurleg sluttpoeng, ofte for puslete til at dikta blir minneverdige i seg sjølv.
Anker Eysajan har gått på forfattarlinja ved Buskerud folkehøgskule, samt på Samlaget og Minotenk sin forfattarskule, som har som formål å skape meir mangfald i litteraturen. Kvardagen denne boka skildrar, kunne tilhøyrt kva familie som helst, noko som i seg sjølv er eit poeng; at det ikkje er noko framandt eller spesielt med ein gut med svarte krøllar, ei mor med raudt hår og ein strekfigur til far.
I kvart store tablå finst eit hovudmotiv, og visuelle bonusar i fom av strekfigurar som er meir eller mindre direkte knytt til det store bildet. Det er gjerne her vi finn faren, ein fyr med svart Lothepushatt, som er til stades, men ikkje bidrar med så mykje. Når Krølle prøver å fly sin veg på stueteppet, er det mora som reagerer, og strekker seg etter han med all ønskeleg intensitet. Ho vil ha han tilbake til kvardagen, det er sengetid. Faren sit i sofaen og søv. Han er rett nok utstyrt med ein tryllestav med ei stjerne på toppen, så kanskje er det slik at faren representerer fantasien og påfunna, mens mora er den som held kvardagen saman. Ei anna tolking er at faren ikkje lenger er til stades i fysisk form, berre som ein fantasifigur, og at mora, som blir framstilt i både stort og lite format, både høyrer til fantasien og verkelegheita. Det er illustrasjonane som opnar for denne tvitydigheita og gir boka eit større tolkingsrom.

Utvidande illustrasjonar
Illustrasjonane er av Hilde Hodnefjeld, som har illustrert ein høg stabel bildebøker, skrive av henne sjølv og andre. Bilda hennar løfter dikta ved både å setje dei i scene og tilføre ekstra element. Humoren er ofte vel så sterk i bilda som i teksten, og det er masse energi i dei. Det finst pastellar, men som ein del av ein palett med kraftige, metta farger. Utsnitta er ofte dramatiske. Somme gonger viser dei berre ein detalj, andre gonger femner dei meir: i Ullbuksa ei høgblokk, ein massiv Krølle med bukser av ull som liknar kvite skyer, og ein heil saueflokk som vandrar frå innhegninga Krølle står i, mot den opplyste inngangen til kvart barn (og kvar sau, tydelegvis) sin draumebutikk. Proporsjonane handlar utelukkande om viktigheit, ikkje realisme – ein sau er like stor som votten til Krølle, ein slikkepinne på storleik med ei handlevogn.
Ei siste lita teikning, på innsida av permen, viser mamma som les på senga for Krølle. Her er dei like store og smiler begge to. Dette er kanskje ikkje den mest fascinerande teikninga for barnelesaren, men ho speglar situasjonen for mange som får denne boka lese for seg. Barnet pakka inn under dyna med ein trygg vaksen ved sida av, ved slutten av ein dag fylt av små, spanande eventyr. Ein kan trygt lese boka på senga, for ho inneheld ingenting skummelt eller farleg. Ikkje eingong spøkelse er farlege her, men mykje er underleg, spanande og sprøtt.
Bokmeldinga er eit ledd i eit samarbeid mellom Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Barnebokkritikk (BBK). Samarbeidet inneber i praksis at vi sampubliserer 8 bokmeldingar i året på Pirion.no og BBK.
Les utdrag frå boka her:












