Ida Eva Neverdahls første biletbok er eit lovande anslag i ein ny serie for små lesarar.
Walter Wehus
Walter Wehus
Fakta
  • Boktittel: Lucy klarer alt: Sirkuset
  • Forfatter: Ida Eva Neverdahl
  • Illustratør: Ida Eva Neverdahl
  • Forlag: Samlaget
  • Årstall: 2025
  • Antall sider: 42
  • Sjanger: Biletbok
LES FAKTALUKK FAKTA

Lucy klarer alt: Sirkuset er ein fargesterk og sjarmerande start på det som teiknar til å bli ein ny biletbokserie. Vi følgjer den unge jenta Lucy som ein dag får for seg at ho vil bli sirkusdirektør. Men i manko som ho er på både klovnar og akrobatar, får ho ein lysande idé: Alle billene, maurane og edderkoppane ho finn i skogen er jo fødde artistar.

Ida Eva Neverdahl har noko lett i arbeida sine som kan få ein til å gløyme at ho har vore teikneserieskapar i godt over femten år no. Anten ho teiknar for barn eller vaksne er det ofte noko vimsete og konsekvenslaust over historiene hennar; eit blunk til lesaren som blir formidla gjennom blomstrande og detaljrike teikningar og som seier «slapp av, det er berre ein teikneserie».

Tjukke, feite tusjfargar

Det er likevel ikkje slik at ho ikkje tek opp alvorlege tema. I dei sjølvbiografiske seriane hennar er angst eit av fleire tilbakevendande tema. Neverdahl klarer kunststykket å turnere eit slikt mørke samtidig som ho ikkje feiar dei bort.

Anten ho lagar barneseriar om vikingguten Floke (som er så langt unna Hardråde du kan komme), eller reiseskildringar frå Russland eller USA saman med Øystein Runde, så er stilen til Neverdahl gjenkjenneleg. Teikneserieskaparen skin gjennom på sidene. Slik er det også i Lucy klarer alt, som er den første reine biletboka ho lagar.

Det første som slår ein er fargane, som er tydeleg handkolorerte, tjukke, feite og sterke tusjfargar. Det vesle formatet til boka kler dei enkeltsidige oppslaga med tilhøyrande korte tekstar. Og det er i detaljane sjarmen ligg; alle dei små insekta som ikkje ser ut som insekt i det heile, men som ein slags glade og hektiske fantasifigurar like inspirerte av austlege teikneseriar som av nordiske småkryp.

Også Lucy sin vagt katteforma hjelm er med som ein karakter i seg sjølv, med uttrykksfulle auge som på si eiga måte kommenterer all viraken som går føre seg på sidene. Samtidig er historia halden nær realistisk, utan dei store fantasihoppa. Lucy er ikkje eit urealistisk førebilete sånn sett.

Klassisk girl power

Det er lett å like tanken bak: Å lage ein biletbokserie om ei lita jente som klarer alt kjennest girl-power-aktig på ein nittitalsmåte som nok vil resonnere i dagens foreldregenerasjon. På slutten av boka ligg Lucy i senga og drøymer om kva ho skal klare neste gong, om det til dømes er å bli surfar eller lækjar.

Likevel er det noko med forteljarstemma i boka som held hovudpersonen på ein armlengds avstand. Antakeleg er dei enkle, deklarative setningane eit resultat av at dette er ei bok små barn skal kunne stave seg fram i sjølv: «Biller er klumsete og har skal i gøyale fargar. Dei kan vere klovnar som får folk til å le.»

Humoren i forteljinga er såleis ikkje beinveges, høgdepunktet her er illustrasjonane meir enn historia.

Bokmeldinga er eit ledd i eit samarbeid mellom Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Barnebokkritikk (BBK). Samarbeidet inneber i praksis at vi sampubliserer 8 bokmeldingar i året på Pirion.no og BBK.

Oppdatert: tysdag 2. desember 2025 10.35

Lik Framtida.no på Facebook: