Det er hundreårsminne for diktaren Olav H. Hauge i år, og dei minste skal også ha sitt. Hauge skreiv lite direkte for born, men i denne boka har Samlaget samla eit fint knippe dikt som dei små også vil ha glede av. Dyr slår vanlegvis godt an, og her treffer me både katten, tordivelen, hanen, ugla, piggsvinet, beveren og fleire. I tillegg til dikt om fiskarar, regnbogar og månen.

Denne boka må vera eit flott høve til å lesa høgt for borna og la dei møta andre typar tekstar enn dei reint forteljande. Utprøving her i heimen tyder på at det fell i god jord. Somme kan gjerne tenkja at språket til Hauge kan vera noko tungt, men det skal ein ikkje la seg hindra av. Ungane greier godt å læra nye ord, og ein treng ikkje gå lenger enn til Lego-katalogen (som også er populær her i huset) for å finna langt underlegare ord enn i Hauge-boka.

Inger Lise Belsvik har før illustrert ei diktbok for born av Tarjei og Haldis Moren Vesaas, og ho gjer det minst like bra denne gongen. Teikningane er knytte nokså tett til tekstane, men har også nye element, så ein får endå meir å snakka med borna om.

Når tussalusi kviskrar
Tekst: Olav H. Hauge
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik
Samlaget 2008
Nynorsk

Lik Framtida.no på Facebook: