Mange hugsar nok Vår – Vrimlebok, Haust – Vrimlebok, Vinter – Vrimlebok og Sommar – Vrimlebok.  Dette er den femte boka om livet i Vrimleby. Her er mange historier utan ord. Birgit som ikkje får sove, Susanne og Santosh som går kveldstur, Mingus og Feline som har familietreff, Oskar junior som søv i hagen, og Frank som syklar utan lys. Vrimlebøkene er store, robuste og fargeglade. Her kan borna fylgje personar, dyr og gjenstandar gjennom boka, utan at dei må lese noko som helst.

Dei minste borna vil truleg finne mykje glede i å peike, dikte små historier om det dei ser, og ikkje minst leite på neste side for å finne ut korleis det gjekk med favoritten deira. Og større born kan bruke mykje tid på detaljane i boka, samstundes som dei kanskje blir inspirerte til å finne si eiga historie i teikningane?

For det er nettopp bilete denne boka består av. Store, gode teikningar som både er realistiske og detaljrike. Og kvar minste bil, sykkel eller person har si eiga historie som blir fortalt på neste side. Dette er biletboka ein aldri blir heilt ferdig med, og som høver for born alle aldrar. Kanskje kan den også nyttast i undervisninga i barneskulen, til å stimulere kreativitet og skrivelyst?

Her er mange historier å fortelje for den som les høgt, og det er mange ting å oppdage for den som fylgjer med.  Dette er ei biletbok som fortener at ein tek seg tid til å undre seg, peike, forklare og dikte.

Natt- Vrimlebok
Av Rotraut Susanne Berner
Omsetjing: Hanna Midtbø, Ragnfrid Trohaug
Samlaget 2009

Lik Framtida.no på Facebook: