Med eigen barnehagebuss kjem borna i Tonning barnehage i Stryn seg lett ut av sentrumskjernen og til skogsområda.
Styrar Eva Sefland er veldig nøgd med den nye bussen, som var klar for bruk i april i år. I bussen er det eige kjøken, tørkeskap, garderobe og gode sikra sete å sitja i. I tillegg har bussen plass til alt dei treng, anten det er redningsvestar eller regnklede. – Verda ligg føre oss, seier ho. – Nå er det berre fantasien som set grenser for kva me kan finna på. Sefland understrekar likevel at barnehageavdelinga prøver å unngå lengre reisetid enn førti minutt.
Den mobile avdelinga har også ein fast brakkebase i barnehagen, der dei kan opphalda seg før dei reiser med bussen og til dei vert henta etter at barnehagedagen er over.
Fire- og femåringar er prioriterte på den mobile avdelinga, som har plass til 22 barn i tillegg til 3-4 vaksne og sjåfør.
– Det kan fort bli ei utfordring å finna på nye spennande ting for born som har gått i barnehagen sidan dei var eitt år, seier Sefland. Medan det er ei fast avdeling som nyttar bussen fire dagar i veka, er bussen tilgjengeleg for dei andre avdelingane ein dag i veka som turbuss.
Natur- og kulturopplevingar
Barnehagebussen gjer at borna når lett ut til nye miljø. Ved hjelp av bussen får borna nytta seg av mange natur- og friluftsområde i kommunen der dei har lavo og gapahuk tilgjengeleg. – Nå er me i naturen heile dagen i staden for å trava gatelangs for å koma oss fram, seier Sefland. I naturen finn ein og mange lokale kulturminne, som borna får god kjennskap til på nært hald.
Avdelinga kan og lettare besøkja andre barnehagar og koma seg på gardsbesøk og kulturaktivitetar. Det er snakk om å få til eit samarbeid slik at andre barnehagar i kommunen kan få nytta barnehagebussen, fortel ho. I tillegg kan barnehagen utvida bedriftsbesøka sine og få besøkja foreldre som jobbar i bedrifter utanom sentrum.
Språkstimuli
Sefland meiner den mobile barnehagen også er nyttig for språkopplæringa til borna. – Her vert ein ”tvinga” til å nytta språk, og det nyttar ikkje berre å peika.
– Får borna sjå og ta på ein frosk når dei er ute i naturen, er det mykje større sjanse for at dei hugsar ordet enn om dei berre høyrer det, seier ho. Det er ikkje minst veldig bra for minoritetsspråklege born. I Tonning barnehage er 20 prosent av borna minoritetsspråklege, og avdelinga prioriterer å få med minoritetsspråklege på bussen frå dei er fire år.
Svensk idé
Det var eit behov for fleire barnehageplassar som fekk Stryn kommune til å investera i eigen barnehagebuss. Ordførar i Stryn, Nils P. Støyva, understrekar at barnehagebussen ikkje skal erstatta vanlege barnehageavdelingar, men vera eit godt alternativ.
Ideen til barnehagebussen kjem frå svenske Solveig Sunnebo. – Som eigar av fleire svenske private barnehagar ynskte ho å finne noko som kunne tenna gløden i auga til pedagogane, fortel Sefland. Sunnebo vart inspirert av bussbruk i Danmark, men ville få laga ein buss som oppfylte skandinaviske krav, og som var meir komfortabel for barnehageborn.
I Noreg samarbeida Sunnebo med Vest Buss Industri i Stryn om å utvikla ein buss med alle fasilitetar for ei barnehageavdeling. – Tonning barnehage i Stryn fekk tilbod om å vera med i denne prosessen, og barnehagen stilte med forsøksborn til bussen, fortel Sefland. Her fekk borna ta del i heile prosessen frå skisser til ferdig produkt. Dei eldste borna i barnehagen fekk og ta del i dekoreringa av bussen, noko som har gitt han eit særpreg. – Me er stolte av bussen, og det er som regel ein stor gjeng som ventar når bussen kjem tilbake til basen, fortel Sefland. Dei minste borna i barnehagen har i tillegg til mamma, pappa og nei! også lært seg ordet buss, avsluttar ho.