Jon og den lange julenatta er ei ekte og magisk juleforteljing. Hesten til Jon, Tyra, skal ha føl. Og det på sjølvaste julaftan. Jon tek med seg soveposen og flyttar ned i stallen på kvelden for å passe på hesten sin. Og det er då det magiske skjer. Eit ekte under.
Parallellen mellom Hilde Myklebust si forteljing og julevangelieet er klar. Det handlar om ein magisk fødsel i ein stall der gode hjelparar passar på. På denne måten formidlar Myklebust noko av kjernen i julefeiringa på nytt, i ein ny drakt for barna. Men også dei minste vil truleg kjenne att desse trekka. Samstundes som forteljinga står trygt på eigne bein.
Det er ei glede, både å lese og bla i denne boka. Ein sit att med ei ekte julekjensle og barnleg iver etter å levd seg inn i historia om Jon og det store som ventar i stallen. Både Myklebust og illustratør Inger Lise Belsvik klarer å formidle noko av det opphavlege og unike med julaftan. At følet får namnet Stjerna blir nok eit bilde på kva jula handlar om.
Men dette er også historia om ein gut og ein hest som har eit ekte og varmt vennskap. Boka fortel mykje om kva forhold det går an å få til dyr, og kor viktig det er med nærleik til natur og dyr. Dette er også tema me kjenner att frå Myklebust sine to diktsamlingar. No beviser ho at ho også meistrar barneboksjangeren.
Dei store og fargerike teikningane til Belsvik er nettopp så koselege og nostalgiske dei skal vere. Dette er ei bok å bli glad i. Og ei bok som både små og store vil gle seg over. Sjølve historia passar truleg best for dei frå 4 – årsalderen og oppover, ikkje minst sidan boka har ein god del tekst. Men alle vil kunne gle seg over sterke fargar, nostalgisk julefeiring og ekte juleglede.
Jon og den lange julenatta
Hilde Myklebust
Illustrert av Inger Lise Belsvik
Samlaget 2009