Mange hugsar nok Godnattboka som Skald gav ut i 2007. No kjem oppfylgjaren, Eventyrboka. Eventyrboka inneheld 19 nyskrivne nynorske eventyr. Nokre av forfattarane har laga moderne versjonar av klassiske eventyr, medan andre har skrive nye. Eventyra passar både for høgtlesing og eigenlesing. Dei yngste lesarane vil nok ha mest glede av dei første eventyra, utover i boka vert dei nemleg litt meir avanserte og passar betre for dei eldre barna.
Her kan ein lese om korleis ein jaktar gnu, om stemma som vart borte, om dronninga i berget blå, og om Kladden som ingen kunne målbinde. Blant dei som har bidrege med eventyr, er kjente forfattarar som Erna Osland, Einar Økland, Helga Gunerius Eriksen og Ingelin Røssland.
Illustratør Gunvor Rasmussen har ein heilt eigen strek og eit unikt uttrykk som gir desse bøkene særpreg. Dei enkle strekteikningane gir også boka eit eige eventyrpreg og bygger dermed godt opp under handlinga.
Her er mange tradisjonelle eventyrtrekk pakka inn i ein moderne klesdrakt. Mange av eventyra startar framleis med Det var ein gong … Her er klåre skilje mellom det gode og det vonde, framleis møter hovudpersonane mange utfordringar før målet er nådd, og tekstane ber preg av den frie fantasien som eventyret skaper rom for.
Barna vil truleg gle seg over dei velkjente rammene rundt eventyret, samstundes som dei vil oppleve dei oppdaterte og nye eventyra som spanande. Mange av eventyra har også framleis med seg dei gode gamle historiene som barna kjenner så godt. Men no må dei kanskje leite litt før dei kjenner alle personane att.
Alt ligg til rette for at Eventyrboka vil få den same suksessen som Godnattboka fekk.
Skald 2009