Jon Fosse er ute med ny barnebok. Denne gongen om ei synsk lita jente som tek fela med seg og legg ut på ei ferd for å finne og trøyste faren som sit åleine på ei øy. Alt saman ser ho i handa si. Dette er ei rørande historie om ei lita jente som møter mange utfordringar på vegen før ho finn faren sin att. Fosse har ei magisk evne til å fortelje så levande at barnet kan leve seg inn i historia og sjølv vere med jenta på oppdagingsferd.
Historia har også fleire trekk frå eventyret. Jenta har sin eigen løyndom, ho ser magiske ting i handa si, og oppdagingsferda hennar kan godt minne om Askeladden på tur. Ein skal heller ikkje gløyme fela, musikken speler ei viktig rolle som verkemiddel i forteljinga. Den bind handlinga saman.
Dette er ei varm historie der forfattaren klarer å vere nær utan at det blir klisjefylt. Øyvind Torseter har gitt boka enkle, men utrykksfulle illustrasjonar. Den leikne streken fører oss gjennom historia saman med dei varme og glødande fargane. Likevel kan kanskje nokre av sidene bli litt vel mørke for dei minste barna. Det kan vere godt å ha nokon vaksne til å forklare kva som skjer undervegs. Kanskje er det også nokre barn som vil kikke ekstra godt i handa si etter at dei har lese Spelejenta?
Av: Jon Fosse
Samlaget 2009