Langt mot nord bur Torbjørn og alle dei andre isbjørnane. Men Torbjørn er ikkje heilt som dei andre isbjørnane, han frys nemleg. Dermed startar ei lang ferd for å finne ut om Torbjørn eigentleg er den isbjørnen han trudde han var. Her er mange spørsmål og mykje undring.
Dette er ei lun, varm og humoristisk historie om det å vere litt annleis. Dei fleste vil kjenne seg att når Torbjørn føler at han ikkje passar heilt inn. Dei fleste har også somme tider vore usikre på kven dei eigentleg er.
– Bestemor, du som veit alt, er eg ein ekte, skikkeleg isbjørn? Torbjørn er usikker på det meste, men råd er det å finne hjå dei som er rundt han.
Illustrasjonane til Anne Angelshaug er levande og ber historia framover. I denne boka er det dei store og fargerike teikningane som står i sentrum, dei gir djupn til forteljinga og gir også dei minste lesarane ei større lesaroppleving. Boka skaper ein god atmosfære som mange vil like.
Av: Titus Kodzoman og Anne Angelshaug
Skald 2009