Endelig mat!_Samlaget2010 Endelig fest!_Samlaget2010

Endelig god natt er første boka i ein serie på fire peikebøker frå den svenske illustratøren Camilla Lundsten. Her møter me Veslefanten, Kanina og Makkus som skal legge seg om kvelden. Men først må dei pusse tenner, gå på do, vaske seg, ta på nattklede og ete kveldsmat. Det er mykje som må ordnast før dei endeleg kan leggje seg. Dei andre bøkene i serien er Endelig regn, Endelig mat og Endelig fest.

Bøkene i Endelig-serien er gode å ta i, dei er robuste og passe store for at også dei minste kan halde i boka, og ikkje minst bla i ho. Teikningane er fargesterke og detaljrike. Samstundes er dei så enkle at borna lett vil fylgje med i kva som skjer og kjenne seg att i handlinga. Figurane har også klare trekk slik at dei er lette å skilje frå kvarandre.

Me blir også med Veslefanten, Kanina, Makkus, Pippy og Sjiraffa på fest, når dei skal ut og leike i regnet, og når dei skal lage mat. Dette er kvardagsopplevingar borna kjenner igjen og kan lære mykje av. Dei fleste vil mellom anna kjenne seg igjen når Veslefanten må ta på seg regnbukse, regnjakke, støvlar og paraply før han får gå ut i regnet.

Endelig -robuste peikebøker– Endelig regn! jublar Veslefanten, Kanina og Makkus mens dei leikar i vasspyttane.
Teksten i boka er akkurat passe stor til å hjelpe den som les høgt med å fortelje ei fullstendig historie, og er forklarande slik at alle klarer å fylgje med i handlinga. Teksten klarer her å vere eit tillegg til teikningane, og ikkje konkurrere mot dei. Boka passar best for dei aller minste, men mange av dei større borna kan også gle seg over dei detaljrike teikningane.

 

 

 

Endelig god natt!
Camilla Lundsten
Samlaget 2010


 

Lik Framtida.no på Facebook: