Boka om Heidi er 130 år gammal, men klarer framleis å gripe nye lesarar i alle aldrar.

Den kvikke og foreldrelause småjenta Heidi kjem og skal bu hos bestefaren sin i dei sveitsiske Alpane. Bestefaren er ein inneslutta einstøing, men med Heidi si hjelp blir livet hans lysare og rikare. Dette går også andre vegen.

Historia om Heidi har blitt gitt ut fleire gonger og på fleire språk, både som bok og som serie og film. Sjølv har eg både blitt lesen for, lese sjølv og sett historia på tv. Det var likevel ikkje noko problem å oppleve forteljinga igjen.

Johanna Spyri sine fargerike skildringar, omsette frå tysk til norsk ved Haldis Moren Vesaas, er enkle, men likevel effektfulle. Dei speglar stemningar i både menneske og natur.

Utgangspunktet for forteljinga er trist, men så kjem Heidi til bestefar, og alt blir mykje lysare og gladare. Så blir Heidi send bort til storbyen, og historia blir igjen trist, før den vesle jenta får kome tilbake til geitene, granene, bestemor, Peter og ikkje minst bestefar.

Ei forteljing om å ha eit dårleg utgangspunkt for eit godt liv, men at det likevel kan snu, og ei forteljing om at det aldri er for seint å snu og velje det gode.

Av Johanna Spyri, omsett av Haldis Moren Vesaas, illustrert av Tonje Strøm

Samlaget 2011

Lik Framtida.no på Facebook: