Forelsking, sjalusi, vennskap, glede, skuffing, spenning, oppturar og nedturar. I Bente Bratlund sine lettlestbøker om Hanna & Emma 1 og 2, 3 og 4, møter vi Hanna, som kjem opp i ulike situasjonar, meir eller mindre friviljug, saman med besteveninna Emma.
I Eg spør / Eg tør ønskjer Hanna seg kjærast fordi Emma har kjærast. Hanna er tøff og tar grep sjølv, for så å få seg ein kraftig smell. Men ting ordnar seg til det betre.
I Operasjon hemmelig vil Hanna og Emma ordna med kjærast til mora til Hanna. Men det er ikkje alltid ting går slik dei har tenkt.
I Slange i paradis blir sydenturen ikkje heilt slik Hanna hadde tenkt seg. Kjærasten Sjur får seg ein ny ven, og mora møter også ein ny ven. Brått er det ingen som legg merke til om Hanna er der. Kan hende er det like greitt at ho rømer …
Bratlund tek lesaren med på spennande og kjenslege reiser og treff nok mange unge jenter og gutar med desse bøkene. Sjølv om bøkene i hovudsak er for unge lesarar frå 8-årsalderen, er det god underhaldning også for vaksne. Det er lett å bli riven med i forteljingane til Bratlund. Det er lett å minnast dei sterke kjenslene som riv i ein som ung, og som der og då er så alvorlege, men som når ein ser tilbake på dei i ettertid, ikkje er så alvorlege likevel.
Eg spør / Eg tør
Operasjon hemmelig / Slange i paradis
Av Bente Bratlund
Mangschou 2011