Laget Komet I.L. spelar alltid med barcelonadrakter under dei kvite trøyene, og det med god grunn. Barcelona er nemleg det beste laget i heile verda, og berre det beste er godt nok når gutane trør ut på kunstgraset med piggskoa sine.
Barcelona-gjengen er ein heilt ny serie for born i 8–10-årsalderen. Her får ein møte fotballaget Komet I.L., som alltid møter på nye utfordringar. I kvar bok introduserer forfattaren Atle Berge oss for nye medlemmer av laget, og me får ta del i problema dei møter på. Klarar den nye guten i byen, Birk, å kome seg inn på Barcelona-laget? Vil dei klare å vinne over Storebø, det einaste laget dei aldri har vunne mot tidlegare? Kva skjer når Leo gjer opprør mot foreldra sine og trenarane fordi dei tvingar Barcelona-gjengen til å spele feigt? Heldigvis er inga utfordring for stor når ein har Barcelona sine raude og blå fargar på.
Boka har rikeleg med fargerike teikningar, som med enkel strek passar godt inn i handlinga. Teksten dekkjer sjeldan meir enn ei halv side, noko som gjer det komfortabelt og oversiktleg for lesaren å følgje Barcelona-gjengen på eventyr. Med enkle ord og passeleg korte setningar klarar Atle Berge å dra lesaren inn i ei fotballverd få unge gutar kan motstå. Historia er spanande og humoristisk, og skildrar i tillegg hendingar ein sjølv kan kjenne seg att i. Kven har vel drøymt om at helten, Messi, skal kome for å hjelpe ein i tunge stunder?
Barcelona-gjengen
Atle Berge
Samlaget, Komet (2011)