Mina sin mamma kan mykje rart, men det ho er flinkast til, er å rote vekk sakene sine.

Mamma har rota vekk lesebrillene sine. Heldigvis er det supertilbod på briller i dag, så nå skal mamma til byen saman med Mina for å kjøpe nye. Før dei dreg, må Mina hjelpe mamma med å finne lommeboka hennar, for utan lommebok blir det ingen bussbillett, og utan bussbillett ingen bytur. Dei finn lommeboka i kjøleskapet under brunosten, bak smøret, ved sida av middagsrestane. Endeleg kan dei dra til byen, men vent litt – kvar er nøklane til mamma?

 

Borte vekk handlar om ein familie som brukar mykje tid på å leite etter ting dei har rota vekk. På humoristisk vis skildrar Ingvild Nielsen dei heimslege scenane som både born og vaksne kan kjenne seg att i. Her får lesaren innblikk i den forventningsfulle leitinga, i ei jente som nesten misser alt motet etter at mamma har mist nok ein ting dei treng før dei kan dra, og i ein super premie som ventar Mina når dei endeleg kjem seg til byen.

Inger Lise Belsvik sine illustrasjonar kan ta mykje av æra for at boka står fram som humoristisk og livleg. Med sterke fargar og ein naiv strek klarar ho ikkje berre å supplere forfattaren sine ord, ho skapar også ei eiga historie som lesaren vil få med seg ved å studere bileta som fyller store deler av sidene i boka. Saman klarar Nielsen og Belsvik å skape ei herleg rote- og leitebok, som vil dra fram latteren hjå både foreldre og born.

Av: Ingvild Nielsen

Ill: Inger Lise Belsvik

Mangschou (2011)

Lik Framtida.no på Facebook: