Hun & han er ei bok heilt utan tekst, men med bilete som kan setjast saman, slik at vi kan leike med roller og kjende bilete av ho og han, kvinne og mann.

 

Boksidene er delte i to, overdelen av ein kropp og underdelen av ein kropp. Dermed kan det bli mamma, pappa, bestefar eller kanskje tante som står på rullebrett, alt etter som du blar fram og tilbake. Kan bestemor surfe? Kan pappa strikke? Kan kven som helst spele elgitar eller køyre traktor?

Hun & han kan kanskje kome til å glede gamle feministar og irritere dei som meiner likestillinga er komen meir enn langt nok. Forhåpentleg vil ho vere ein god katalysator for barn og vaksne som vil leike med sine eigne førestillingar og bilete av korleis verda er og kan vere.

Madalena Matoso (illustrasjon)
Magikon forlag 2011

Lik Framtida.no på Facebook: