Dette er tredje boka om Barcelona-gjengen, som spelar fotball for Komet I.L. Komet-bøkene er lettlestbøker, bøkene om Barcelona-gjengen er i den grøne Komet-serien og passar best for dei mellom 8 og 10 år.

 

Det er ingen i Barcelona-gjengen som likar å stå i mål, aller minst Aleksander. Men denne gongen er det hans tur til å vere keeper, enten han vil det eller ei. Og den ivrige trenaren står på sitt: Aleksander skal stå i mål. Men kva om Eivind heller kunne stå i mål, han som likar det så godt? Og kven er eigentleg keeperkongen som dei har høyrt så mykje om? Kan keeperkongen finne løysinga på problemet?

Gode og tydelege illustrasjonar og ein lettlesen tekst gjer historia lett å få med seg, også for dei minste lesarane. Mange har kanskje opplevd ein litt for engasjert fotballtrenar, og mange har nok fått vondt i magen når dei tenkjer på noko dei må gjere som dei ikkje har lyst til. Boka seier mykje om at me alle er ulike, og at alle kan noko, men at ingen kan vere gode til alt.

Keeperkongen klarer å løyse flokane. Aleksander er god til å styre spelet på banen og viser seg å vere ein dyktig kaptein, og Eivind finn sin plass i målet som keeper. Og ikkje minst held keeperkongen den litt for ivrige trenaren i skinnet.

Alt handlar om å finne plassen sin.

Keeperkongen

Av: Atle Berge

Samlaget 2012

Lik Framtida.no på Facebook: