Me møtte Jakob og Neikob for første gong i 2008, no kjem dei karaktersterke figurane tilbake i boka Tjuven slår tilbake. Nokre menneske seier alltid ja til alt, medan andre ofte seier nei, sånn er det også med Jakob og Neikob. I denne boka opplever Neikob og Jakob at dei finn ein tjuv som er på rømmen, og situasjonen blir ekstra vanskeleg sidan Jakob seier ja til alt tjuven vil gjere.

 

Med dei sterke og dominerande illustrasjonane eignar boka seg godt for høgtlesing, både for dei minste og dei som er litt eldre. Historia er spanande og dilemmaet med ja og nei gir mange tema til samtalen etter at boka er ferdig. Ei av dei største utfordringane er truleg korleis to så ulike menneske kan vere så gode venner og løyse problem saman. Mange vil nok også humre og le litt av forteljinga om korleis tjuven og Jakob blir forveksla og Neikob som må ordne opp.

Jakob og Neikob er også blitt både barne-tv på NRK Super og app. Kari Stai fekk Kulturdepartementet sin debutantpris for den første boka om Neikob og Jakob.

Av: Kari Stai Samlaget 2012

 

Lik Framtida.no på Facebook: